Dale musikkorps

”Korps ein livslang hobby med høg sosial faktor der alle kan yte etter eigne føresetnader”

Dale Musikkorps øver kvar onsdag kl 20.00 – 22.00 på Dingemoen skule i Dale.
All korpsaktivitet i Fjaler samla i Dale Musikkorps. Omlag 40 musikantar er med, fordelt på aspirantgrupper, juniorgruppe og hovudkorpset.
Spelar ofte populærmusikk med songsolistar. Av program vert å nemne korpsbasaren, julekonsertar, “Palmejam”, 1. og 17.mai, sommarkonsert m.m.

Leiar: Arve Arstein, mob: 99470161 e-post arve.arstein@nlr.no

Styret for 2017: Arve Arstein, leiar, Evelyn Åsnes, Monika Nyland, Dona Pursal, Kristine Øen Åsnes og Marit Gudmundsos

Dirigent: ( Ole Jakob Nedrebø, mob: 90 17 09 20 e-post: jakob-ne@online.no) Ny dirigent kjem frå hausten 2018

Om Dale Musikkorps:
Dale Musikkorps vart stifta 1934 og har 40 medlemar ca i alderen 13 til 85 år.

I byrjinga av 70 åra hadde Fjaler kommune fire korps. I dag er det berre Dale Musikkorps som er utøvande. Korpset er difor som eit ”kommunekorps” og ikkje berre eit korps for bygda Dale og deltek m.a. i 17.mai feiringa i tre bygder. Vi har også medlemmar frå heile Fjaler. Korpset deltek elles på julekonsertar, 1. mai arrangement, Dalsfjordveka og arrangerer eigen basar. Palmejam er eit anna viktig og populært arrangement for korpset der vi inviterer lokale solistar til samklang.
Adresse Kontakt Kategori
Dale musikkorps
6967 Hellevik
Telefon: 99470161 / 90170920
Aktivitetar