Dale ungdomslag

Dale ungdomslag eig og driv ungdomshuset Trudvang (frå 1932) som er kulturhuset i bygda. Huset inneheld kino, teaterscene, festsal, kjellarstove/ kafè og kjøken . Aktivitetar i ungdomslaget er m.a. folkedans for barn, torsdagsdans for ungdom og vaksne, loppemarknad, festar og konsertar.
Utleige av huset til t.d. konsert, feiring, fest, basar, seminar og møte.

Dale UL driv også Fjaler Kino (sjå eiga oppføring)

Kontakt for utleige av huset og Fjaler Kino er Kåre Antonisen tlf 57 73 64 22/ 97577404

Leiar i Dale ungdomslag : Alf Jørgen Bråtane


Dale UL ønskjer fleire velkomne som medlemer i laget!
Kontingent : kr 150,- under 26 år. Kr 300,- for 26 år og eldre.
(Støttemedlem 200,-)
Bank 3741 05 20800 (Merk namn.)


Dale Ungdomslag. Kva driv dei med?

Om aktivitetane:
Barnedansen kvar torsdag kl 18.00 -19.00 i Trudvang. Jan Haugen er instruktør. Barn over 6 år kan vere med.

Torsdagsdansen:
Danseøving kvar torsdag kl 20.00 – 22.00. Dette er eit samarbeid for ungdomslaga i Flekke, Straumsnes, Dale og den vidaregåande skulen på Haugland, UWC. Det går på rundgang slik: Dale - UWC - Straumsnes - Flekke.
Knut David Hustveit er fast instruktør. Levande musikk kvar gong.
Kontakt for dansen er Asbjørn Eikerol.
Nybegynnar eller avansert – her er plass for alle. Internasjonalt miljø.

Ungdomsteater, for tida på vent

Fjaler Kino er den største aktiviteten. Filmframsyning sundag og tysdag og innimellom andre dagar. Kinosjef er Kåre Antonisen

Trudvang har amfi for 100 personar og plass for 50 i parkett.
www.filmweb.no Facebook Fjaler kino

Medlemsfordelar:
Rabatt på nokre hotell og Det Norske Teater. Medlemsbladet Ungdom. Barn får Norsk Barneblad. Tilbod om kurs, leir, festival. Medlemspris hos lokale ungdomslag.
I tillegg får medlemene medlemsprisar på kurs, seminar og festivalar som NU skipar.


Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896 og er ein kulturorganisasjon med over 16 000 medlemmer i 450 lag i heile Noreg. Mykje av aktiviteten er knytt til folkedans, teater, bunad og barne- og ungdomsarbeid, men ungdomslagsrørsla har eit unikt mangfald av aktivitetar.
www.ungdomslag.no






Adresse Kontakt Kategori
Dale ungdomslag
Jarstadvegen 5
6963 Dale i Sunnfjord
Org.nr. : 971364181
Telefon: 92663949 / 97577404
Aktivitetar