Fysvass har starta opp att

torsdag 8. november 2018, 19:30 - 20:30

Informasjon

Fysvass er

trening til musikk i varmt basseng

og er leia av kvalifisert instruktør. Treningstilhøva er best om ikkje gruppa vert for stor, difor er det eit tak på 22 personar pr. gong.

Fom. 18.10.18 vert det Fysvass kvar torsdag frå kl. 19:30 til 20:30. Instruktør er Gry Nistad Frankland.

Pris kr. 100,- pr. person. Betal i resepsjon før treninga.

Ynskjer du å delta?

Dersom du ynskjer å delta, send ein sms til instruktør Gry tlf  95967743, og du kjem på lista over deltakarar for fyrstkomande veke.

Dersom du vil det, kan du motta ein SMS kvar måndag. Du kan ignorere meldinga, dersom du ikkje ynskjer å delta, men ynskjer du å delta, svarar du.

Du kan også kjøpe sesongkort, for då er du sikra plass.

Kontakt instruktør Gry Frankland for spørsmål eller påmelding. Tlf 95967743 eller epost: gry.frankland@live.com

 


 

Haugland - Klikk for stort bilete

 

Stad

Haugland Rehab
6968 Flekke

Kontakt

RK Haugland Rehabiliteringssenter
6968 Flekke

Tlf.: 57737100

Resepsjonen på Haugland Rehab
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk