Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

Open dag på kunstnarsenteret

torsdag 25. oktober 2018, 16.00 - 19.00

Informasjon

25.10.18 - Klikk for stort bilete

 

Nordisk Kunstnarsenter Dale og residerande kunstnarar, opnar opp studioa sine 25. oktober

Alle er hjarteleg velkomne til Ã¥ møte kunstnarane, få innblikk i arbeidsprosessen og sjå nokre ferdige arbeid. Her blir kaffi, te og lett servering.

Kunstnarane som er i residens no:

Juliane Eirich

https://www.julianeeirich.com

Juliane er fotograf og kjem frå Tyskland. Ho har hatt opphald tidlegare, så på heimesida hennar kan ein sjå ein serie bilete med tittelen Dale - ein vil gjerne kjenne seg igjen i nokre av bileta, men ho ser Dale og detaljar på sin eigen poetiske måte.

Germano Serafini

http://www.germanoserafini.com/it/

Germano er ein italiensk fotograf. Han jobbar analogt og vil under opphaldet sitt jobbe ute i naturen, helst i måneskin og skumring. Han utfordrar seg sjølv til å fange dei små rørsler i naturen. Naturen bevegar seg sakte, snegle rørsler.

Brynhild Winther

http://www.brynhildwinther.no

Brynhild teiknar, bygger installasjonar i blanda material og lagar performance. Arbeida hennar er fargerike og makabre, humoristiske og litt romantiske. Ho har skapt si heilt eiga verd.

Laurina Paperina

http://www.laurinapaperina.com

Laurina er målar. Ho synst det er alt for mykje alvorleg kunst, så ho vil skape humoristisk og mindre sjølvhøgtidleg kunst. Det gjer ho med heftige fargar og referansar til populærkultur som tegneserier og film. Det er mykje som skjer i landskapa hennar, ein kan ikkje sjå seg mett, mykje barnleg humor og humør.

Ivar Smedstad

http://www.pixelpunx.com

Ivar er norsk videokunstnar med fokus på et audiovisuelt uttrykk. Ofte langsame filmar komponert rundt ein rytmisk variasjon av ulike scener i dialog med lyd. På NKD redigerar han pågåande arbeid og leikar seg med nye teknikkar.

 

 

Stad

NKD
 

Kontakt

Nordisk Kunstnarsenter Dale
 

Nettstad http://nkdale.no

Arild Hartmann Eriksen

E-post : director@nkdale.no

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk