Kobbeskjerkvelden 2018

fredag 10. august 2018, 18:30 - 22:00

Informasjon

Dette skjer på Haugland fredag 10. august

Tre tylar til Kobbeskjerkvelden!

Finn Tokvam, Halvor Folgerø og Ragnar Hovland laga og framførte dei store suksessane Vestlandsrevyen I (2007) og II (2011), saman med Olav Stedje og Claus Sellevoll på Logen Teater (no Hordaland Teater) i Bergen. Tokvam og Folgerø har også spelt saman i fleire tiår i det populøre populærorkesteret Finn-Erix, saman med Odd-Erik Lothe.

På Kobbeskjerkvelden blir det prat og vestlandsk stand up på svært høgt nivå, og ikkje minst musikk, framført på bass, fagott og ukulele. Og alt saman i Jakob Sandes ånd. Ja, dei trur at Jakob Sande ville blitt svært fornøgd om han hadde fått oppleve dette. Stikkord: Topp underhaldning!

kl 20.30 i auditoriet på UWC.  Billett kr 350,- Billettane kjem for sal på ticketco.no

Jakob Sande-viser på fjorden

Før festframsyninga med dei tre tylane i auditoriet, startar festen ute på fjorden, ved Kobbeskjeret! Men mat må ein ha:

18.00-20.15: Servering og sal av Tylepizza i Bakehuset på UWC og Kobbeskjerskake, - kaffi og brus.

Kl 18.30 går båtane MS Atløy, Bakkejekta og alle andre båtar som vil vere med frå Haugland til Kobbeskjeret, der vi syng Jakob Sande-viser til musikk av Jan A Haugen og Andreas Ramstad.

Båtbillett kr 150,- Billettane kjem for sal på ticketco.no

Dette er eit arrangement under Dalsfjordveka 2018

 


 

Tokvam, Folgerø, Hovland, Stedje og Sellevoll og - Klikk for stort bilete

(Foto : Dei tre tylane Tokvam, Folgerø og Hovland i raud dress, saman med Olav Stedje og Claus Sellevoll, Vestlandsrevygjengen)

Stad

Haugland
6968 Flekke

Kontakt

Jakob Sande-selskapet
pb 68,  6961 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 57737775

E-post : selskap@jakobsande.no

Nettstad https://www.jakobsande.no

Edvin Helgheim
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk