Torsdagsdansen i Fjaler

torsdag 14. september 2017, 20:00 - 22:00

Merknad: grendahuset på Straumsnes

Informasjon

"Torsdagsdansen" går kvar torsdag her i Fjaler, anten i Dale (Trudvang), Flekke (Vonheim), UWC (Høeghsenteret) på Haugland eller i grendahuset på Straumsnes.


NB! Stad kan bli endra om eit lokale er oppteke,
Følg eventuelle endringar kvar veke på "Torsdagsdansen i Fjaler" på facebook

Eit samarbeid mellom ungdomslaga og UWC

Her dansar ein vals, swing, reinlender, polka, marsj, tango, samba, åttetur, reel og meir, til levande musikk. Knut David Hustveit er instruktør. Du treng ikkje kunne noko av dette frå før og du kan kome åleine. Er du ny i Fjaler eller omland? Velkomen! Billett: vaksen kr 50,- . Barn, ungdom, student kr 10,-.

Du kan også kome på dansen for å sjå, høyre på musikken, prate og ta med deg kaffipausen kl 20.45 - 21.15 (30 min pause) Vil du opptre (synge, danse, fortelje, lyge, lage show, sjonglere osv), er scena di i 5 min og du går gratis.

Dansarane planlegg å delta på UKM februar 2018 "Ung Folkedans Young Folk Dancers". 28. april 2018 vil Torsdagsdansen delta på Dansens Dag i Dale kl 12.00

torsdagsdans med KD Hustveit.jpg

Url

Stad

Dale, Flekke, Straumsnes eller UWC
 

Kontakt

Ungdomslaga i Dale, Flekke og på Straumsnes og UWC
 

Ansvarleg

Asbjørn Eikerol
6963 Dale i Sunnfjord

E-post : aeikerol@hotmail.com

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk

 
 
Login for redigering