Litteraturpub med Demian Vitanza i Løa

laurdag 20. mai 2017, 20:00 - 23:59

Informasjon

Litteraturmisjonen inviterer til

Litteraturpub med suppeservering!
 

Demian Vitanza er første forfattar som har skriveopphald i forfattarbustaden i Jakob Sande-tunet. Vitanza debuterte i 2011 med romanen «Urak», og har seinere gjeve ut fleire romanar og skodespel. For tida er Vitanza høgaktuell med dokumentar-romanen «Dette livet eller det neste», som er basert på samtalar med ein returnert framandkriger i eit norsk høyrisikofengsel. Boka har hausta fantastiske kritikkar, Dagbladet sin Cathrine Krøger trillar seksar på terningen og skreiv at boka var «den desidert beste boka anmelderen har lest om Syriafarere».

Litteraturmisjonen inviterer til litteraturpub i Løa laurdag 20. mai kl 20.00, der Vitanza vil fortelje om romanen og arbeidet bak. Vi har og utfordra forfattaren sjølv til å lage suppe til publikum denne gongen - og den utfordringen tok han på strak arm !

Inngang kr. 100 ,- inkl. suppe. Open Pub heile kvelden.

Demian Vitanza.jpg

Stad

Jakob Sande-tunet
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 57736667

E-post : tunet@jakobsande.no

URL: http://www.jakobsande.no

Kontakt

Litteraturmisjonen
 

Ansvarleg

Miriam Prestøy Lie
 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk

 
 
Login for redigering