Aktivitetsdag i Fjalerhallen

laurdag 20. mai 2017, 11:00 - 13:00

Informasjon

NFU Askvoll-Fjaler-Hyllestad lokallag inviterer til

Aktivitetsdag i Fjalerhallen

etter idè frå Grenselause idrettsdagar

Dette tiltaket er for personar med utviklingshemming, og idrettsglede og meistringsoppleving er det viktigaste, sjølvsagt saman med den sosiale sida.

Fleire idrettar

Vi får med oss instruktørar, og deltakarane kan få prøve fleire idrettar – handball, fotball, vektløfting, spinning, badminton, volleyball m. m. - ikkje for å prestere all verda der og då, men kanskje finne noko som dei har lyst å halde fram med. Fysisk aktivitet er viktig!

Det er inga aldersgrense, og det kostar heller ingen ting. Den som treng transport, må ordne det sjølv. Vi serverer litt frukt, drikke og ei pølse med brød.

Påmelding

Alle er velkomne, men for å ha nokolunde peiling på frammøtet, ber vi om påmelding innan 10. mai til:

Atle Lyngstad Ness t</

Stad

Fjalerhallen
6963 Dale i Sunnfjord

URL: http://www.daleil.no

Kontakt

NFU Askvoll Fjaler Hyllestad lokallag
6963 Dale i Sunnfjord

Ansvarleg

Ingjerd Furnes Ness
6963 Dale i Sunnfjord

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk

 
 
Login for redigering