Vedtak
I samsvar med plan og bygningslova § 19-2 gis det dispensasjon frå arealføremålet friluftsområde i sjø til fjerning, oppføring og utviding av flytebrygger (utviding av småbåthamnføremålet (SBH)) med vilkår, og til oppføring av forretningbygg (Krambua) og 45 m2 brygge (utviding av annet spesialområde (B2)) med vilkår på gbnr 38/18.
I samsvar med pbl. § 1-8 vert det gjeve dispensasjon frå forbodet mot tiltak langs sjø til fjerning, oppføring og utviding av flytebrygger med vilkår, og til oppføring av lagerbygg (slipphus), forretningbygg (Krambua) og 45 m2 brygge med vilkår på gbnr 38/18.
Dispensasjonen vert grunngjeven med at omsynet bak føresegna det dispenserast frå, eller omsyna i lova sine føremålsføresegner, ikkje vert vesentleg tilsidesett, då tiltaket ikkje medfører vesentleg endra bruk av området, samt at området er regulert, og det settes ramme for dispensasjonen med gode vilkår. Området framstår i dag som eit menneskapt og bebygd landskap, og det vert vurdert at fjerning, oppføring og utviding av flytebryggjer og krambu, slipphus og brygge ikkje vil vere til vesentleg ulempe for den vidare bruken av strandsona. Tiltaket vil heller ikkje ha ei auka privatiserande påverknad i området, slik anlegget har vore brukt og eksistert i mange år. Etter ei samla vurdering vert det vurdert at fordelane med å gje dispensasjon er større enn ulempene.
I samsvar med plan- og bygningslova § 21-4 vert det gjeve løyve til fjerning, oppføring og utviding av 2 stk flytebrygger i betong og til oppføring av lagerbygg (slipphus), forretningbygg (Krambua) og 45 m2 brygge på gbnr 38/18, med vilkår.
Det er sett følgjande vilkår:
- Det kan leggast ut 2 stk flytebrygger i betong i ein L-formasjon. Bryggenes størrelse er 3 x 22 m.
- Yttergrensa mot vest for SBH - småbåthamn, settast til 5 m frå kant på flytebrygge, dvs. 4 m frå dagens føremålsgrense.
- Vilkår sett i vedtak etter hamne- og farvasslova, dagsett 03.12.2020 ref 20/39-3/LMMI skal følgjast og utførast som skildra i vedtaket.
- Det skal plasserast ut badebøyer om lag 8-9 m frå bryggekant for å sikre tryggleiken til badande og båtførarar.
- Kai/brygge, 45 m2, på vestsida av Jensbua.
- Annen lagerbygning (5 x 10 m, mønehøgde 5,5 m), skal oppførast som ope grindebygg; Slipphus (239).
- Kombinert annen forretningsbygning/lager (5 x 12 m, mønehøgde 5,5 m); Krambua (329).
Behandling
Røysting: samrøystes