Vedtak
Kommunestyret godkjenner at Fjaler kommune kan inngå ny festeavtale med Mathias Øen Transport for 5 år for område B1 (64/1/3 og 64/1/5) og B2 (64/4/2). Det skal setjast følgjande vilkår i ny festeavtale:
Festaren skal, ved drift av området og betongblandeverket, innrette si verksemd på ein slik måte at ulempene med støy og støv frå anlegget og transporten til/frå dette vert minst mogleg for omkringliggjande område for både eksisterande og framtidig busetnad. Driftstida skal så langt det let seg gjere haldast til dagtid.
Festar skal sørge for utarbeiding av støysonevurdering for eige område/verksemd inklusiv framlegg til og gjennomføring av nødvendige støyreduserande tiltak for å ivareta eit tilfredstillande støynivå for omkringliggjande område, både eksisterande og framtidig busetnad. Denne vurderinga skal vere utført innan utgangen av 2023.
Festar skal sikre at fare for uakseptable utslepp til elva vert redusert og skal vere nøye på å unngå støytutslepp eller ureinsa utslepp som kan forringe den økologiske tilstanden i den sårbare resipienten.
Behandling
Tilleggsframlegg v Mark Taylor (MDG):
Nytt vilkår i ny festeavtale:
Festar skal sikre at fare for uakseptable utslepp til elva vert redusert og skal vere nøye på å unngå støytutslepp eller ureinsa utslepp som kan forringe den økologiske tilstanden i den sårbare resipienten.
Røysting tilleggsframlegg:
Tilleggsframlegget vart samrøystes vedteke.
Røysting:
Kommunedirektøren sitt vedtak med tilleggsframlegg vart samrøystes vedteke som formannskapet si tilråding til kommunestyret.