Vedtak
Kommunestyret vedtek Strategisk Næringsplan for Fjaler kommune 2023-2027 med desse tillegg:
- Formannskapet ber kommunedirektøren høyre med Hauglandsenteret korleis Haugslandssenteret kan vere synlegjort i næringsplanen
- Under kapittel 4. Mål og prioriterte satsingsområde, overordna mål: føy til «berekraftig» før «vekst» i andre setninga slik:
“Vi skal bidra til å skape berekraftig vekst i næringslivet gjennom å utvikle dei fortrinn og ressursar vi har i Fjaler.”
Behandling
Følgjande tilleggsframlegg blei
- Felles tilleggsframlegg frå SP, H, AP, SV, V, MDG) fremja av Arne Osland (V):
Formannskapet ber kommunedirektøren høyre med Hauglandsenteret korleis Haugslandssenteret kan vere synlegjort i næringsplanen. (samrøystes)
- Tilleggsframlegg frå AP, MDG, H, V, SV fremja av Mark Taylor (MDG):
Under kapittel 4. Mål og prioriterte satsingsområde, overordna mål: føy til «berekraftig» før «vekst» i andre setninga slik:
“Vi skal bidra til å skape berekraftig vekst i næringslivet gjennom å utvikle dei fortrinn og ressursar vi har i Fjaler.”
- Tilleggsframlegg frå Mark Taylor (MDG):
Tilleggskulepunkt til Næringsplanen b) Areal og infrastruktur under 5.1 som tiltak i satsingsområde - Attraktiv kommune :- Utarbeide ein kommunal jordvernstrategi med eit kommunalt jordvernmål.
Punktvis røysting over tilleggsframlegga:
Pkt 1 felles tilleggsframlegg vart samrøystes vedteke
Pkt. 2 tilleggsframlegg frå AP, MDG, H, V, SV vart vedteke med 5 mot 2 røyster (SP)
Pkt. 3 tilleggsframlegg frå MDG fall med 2 (MDG, SV) mot 5 røyster
Røysting
Kommunedirektøren si tilråding, med vedtekne tillegg, vart samrøystes vedteke.