Vedtak
Fjaler kommune gjev Jakob Sande – senter for forteljekunst 418 000 i støtte i 2024. Det er på same nivå som dei siste tre åra, men med ein prisvekst knytt til kommunal deflator på 4,5% frå 2023.
418 000 vert for 2024 teke frå disposisjonsfondet.
Saka vert teken opp att hausten 2024 då ein veit meir om Jakob Sande – senter for forteljekunst vert ein del av Musea i Sogn og Fjordane og at det då kjem inn som det faste tilskotet til Musea i Sogn og Fjordane.
Behandling
Det låg føre nye opplysningar i saksframlegget etter handsaming i formannskapet 30.11.23: eit notat med svar på spørsmål som formannskapet hadde stilt.
Kjetil Felde (SP) stilte spørsmål ved sin habilitet sidan ektefellen hans er styreleiar i Jakob Sande - senter for forteljekunst.
Røystinghabilitet Felde:
Kjetil Felde vart samrøystes kjent inhabil jf. fvl. § 6 første ledd bokstav c.
Felde tredde frå møtet under handsaminga av habilitetsspørsmålet.
Gunhild B. Stang (V) stilte spørsmål ved sin habilitet sidan ho er styremedlem i Musea sogn og fjordane
Stang tredde frå møtet under handsaming av habilitetsspørsmålet.
Røysting habilitet Stang:
Stang vart samrøystes kjent habil i saka.
Stang tredde inn att i møtet.
Røysting formannskapet sitt framlegg: samrøystes
Felde tredde inn att i møtet.