Vedtak
Kommunestyret godkjenner at Fjaler kommune kan inngå ny festeavtale med Mathias Øen Transport for 10 år for område B1 (64/1/3 og 64/1/5) og B2 (64/4/2). Det skal setjast følgjande vilkår i ny festeavtale:
Festaren skal, ved drift av området og betongblandeverket, innrette si verksemd på ein slik måte at ulempene med støy og støv frå anlegget og transporten til/frå dette vert minst mogleg for omkringliggjande område for både eksisterande og framtidig busetnad. Driftstida skal så langt det let seg gjere haldast til dagtid.
Festar skal sørge for utarbeiding av støysonevurdering for eige område/verksemd inklusiv framlegg til gjennomføring av nødvendige støyreduserande tiltak for å ivareta eit tilfredsstillande støynivå for omkringliggjande område, både eksisterande og framtidig busetnad. Denne vurderinga skal vere utført innan utgangen av 2023.
Festar skal sikre at fare for uakseptable utslepp til elva vert redusert og skal vere nøye på å unngå støyutslepp eller ureinsa utslepp som kan forringe den økologiske tilstanden i den sårbare resipienten.
Vilkår for festeavtalen er at verksemda skal gå i dialog med Fjaler kommune for å bli samde om ny framtidig lokalitet.
Behandling
Leif Jarle Espedal (AP) fremja følgjande felles endringsframlegg frå alle parti til formannskapet sitt vedtak om festeavtalen:
- avtaleperioden vert auka til 5 til 10 år.
- Vilkår for festeavtalen er at verksemda skal gå i dialog med Fjaler kommune for å bli samde om ny framtidig lokalitet.
Røysting under eitt:
Formannskapet sitt framlegg med endringsframlegg vart vedteke med 21 mot 2 røyster (H).