Vedtak
Kommunestyret ber kommunedirektør rette ein førespurnad til relevant departement om følgjande:
Fjaler kommune skal ta vår del av ansvaret for å oppfylle Paris-avtalen. Vi ber regjeringa gjere greie for følgjande:
Kan regjeringa avklare kva slags klimagassutslepp som må reknast som kommunale og kva slags som må reknast som nasjonale, for å avklare kva kommunane har ansvar for?
Skal det vere ei flat fordeling av kutt i klimagassutslepp slik at alle kommunar skal ned 55 prosent innan 2030 eller skal regjeringa leggje føringar for kva slags faktorar som tilseier eit anna prosenttal i den enkelte kommune?
Kan regjeringa avklare om kommunane skal følgje nokre prioriteringar for kvar utsleppskutta bør skje?Kan regjeringa avklare om delar av dette ansvaret ligg på fylkesnivå og dermed vert avgjort på fylkesnivå?
Fjaler kommune ønskjer ei avklaring på desse spørsmåla for å kunne vurdere om vi er på rett veg i dette arbeidet, ikkje minst i samband med revidering av klimaplanen vår, og for å vise vår støtte til regjeringa i det vanskelege arbeidet som ligg framfor oss alle for å oppfylle våre forpliktingar i Paris-avtalen.
Behandling
Framlegget frå Mark Taylor (MDG) slik det går fram av interpellasjonen og ordføraren sitt framlegg vart sett opp mot kvarandre.
Røysting:
MDG sitt framlegg vart vedteke med 11 mot 10 røyster (SP, AP)