Vedtak
Kommunedirektøren sitt framlegg:
I samsvar med plan- og bygningslova §19-2 vert det gjeve dispensasjon frå plankrav for oppføring av tilbygg, påbygg med 5 nye bueiningar, utomhusplan (med forbehald), endring av bygg utvendig og innvendig, til eksisterande butikklokale som omsøkt, på eigedom gbnr 92/75. Det setjast følgjande vilkår:
- Det vert sett vilkår om at kvar ny bueining skal ha tilgang til eit eige uteopphaldsareal med utgang frå bueininga, anna enn hovudinngang.
- Det vert sett vilkår til at det skal vere ca. 50m2 felles uteopphaldsareal per nye bueining. Felles uteopphaldsareal skal vere opparbeida og lagt til rette for som leikeplass, i tillegg til å vere eit felles uteopphaldsareal for folk i alle aldersgrupper.
- Det vert sett vilkår til parkering: 1 p-plass per 50 m2 forretning, herav 10 % utforma og avsett til handicap-parkering, 1,5 p-plass per bueining og 1,5 stk sykkelparkering per 100 m2 forretning. Dette gir 21 stk parkeringsplassar for bil og 6 stk parkeringsplassar for sykkel.
- Det vert sett vilkår om at 2 stk parkeringsplass vest for hovudinngang vert omgjort til sykkelparkering eller anna hensiktsmessig føremål. Det vert sett vilkår om at 1 stk av dei to nordaustlege parkeringsplassane i hjørnet i tilknyting butikk utgår. Tilsaman 3 stk parkeringsplassar av 27 stk planlagte utgår.
- Det må til søknad om igangsettingsløyve ettersendast oppdaterte teikningar og utomhusplan.
- Utnyttingsgrad vert sett til %BYA=50.
- Maks gesimshøgde vert sett til 11,5 meter, som omsøkt.
Dispensasjonen vert grunngjeven med at omsynet bak føresegna det dispenserast frå, eller omsyna i lova sine føremålsføresegner, ikkje vert vesentleg tilsidesett.
Det er vurdert at omsyn til barn og unge vert ivareteke ved å setje vilkår til uteopphaldsareal. Eigedom ligg i gangavstand til skule, barnehage og friluftsområde tilgjengeleg for allmenta. Det er vurdert at løysing elles for utomhusareal: parkering, avkøyrsel, uteopphaldsareal, er ivareteke, samt at det er sett tilpassa vilkår på enkelte punkt. Det er vurdert at trafikksituasjon ikkje vert vesentleg endra, og det vert lagt til grunn at omsøkt løysing tilfredsstiller siktkrav jf. vegnormal N100. Omsøkte tiltak kan tilknyttast tilgjengeleg opparbeida infrastruktur. Omsøkt utomhusplan har tydeleg avgrensing av ulike føremål (køyreveg, mjuke trafikantar, grøntareal).
Omsøkte tiltak har ei maks høgde på 11,5 meter, og kan verke fremtredende i eksisterande landskapsbilete og gir ein endra situasjon i området. Tiltakets utforming og plassering i tilknyting eit knutepunkt i Flekke sentrum, er vidare vurdert som hensiktsmessig og god med tanke på fortetting av eksisterande bebygd areal i nær tilknyting til kollektivtransport, skule/barnehage og varehandel. Tiltaket gir 5 nye bueiningar, som bidreg positivt til eit bustadbehov i området og i kommunen.
Det er lagt vekt på at nytt arealføremålsområde ikkje er gitt plankrav i forslag til ny kommuneplan sin arealdel. Søknad om tiltak og dispensasjon er nabovarsla breitt i same omfang tilsvarande som for reguleringsplan. Det er motteke ein merknad frå ein av næraste nabo. Denne vert ikkje teken til følgje.
Fordelane med å gje dispensasjon vert vurdert til å vere vesentleg større enn ulempene etter ei samla vurdering.
I samsvar med plan- og bygningslova §19-2 vert det gjeve løyve til dispensasjon frå veglova §29, byggegrense mot kommunal veg, for plassering av omsøkte tiltak. Det setjast følgjande vilkår:
- Næraste plassering frå byggverk til vegkant er 4 meter.
Dispensasjonen vert grunngjeven med at omsynet bak føresegna det dispenserast frå, eller omsyna i lova sine føremålsføresegner, ikkje vert vesentleg tilsidesett. Det vert lagt til grunn at siktkrav i avkøyrsel er ivareteke. Det er vurdert at redusert sikt midlertidig i periodar ved varelevering kan aksepterast, og vil ikkje vere til vesentleg ulempe. Avstand frå vegkant til omsøkte tiltak er vurdert å ikkje vere i konflikt med vedlikehald og drift av kommunal veg. Fordelane med å gje dispensasjon vert vurdert til å vere større enn ulempene etter ei samla vurdering.
I samsvar med plan- og bygningslova §21-4 vert rammeløyve for oppføring av tilbygg, påbygg med 5 nye bueiningar, utomhusplan (med forbehald), endringar utvendig og innvendig til eksisterande butikklokale godkjent som omsøkt, på eigedom gbnr 92/75. Det setjast følgjande vilkår:
- Før det kan gjevast løyve til igangsetting må omsøkt arealoverføring for gbnr 92/1 og 92/75 vere endeleg gjennomført og tinglyst.
- Før det kan gjevast løyve til igangsetting må VA-leidningar i området som kan vere i konflikt med omsøkte tiltak kartleggast og dokumenterast i godkjent format for georeferering i kart. Dersom VA-leidningar ligg nærare omsøkte tiltak enn det kommunen kan godkjenne, må tiltakshavar pårekne å måtte flytte VA-leidningar i tilsrekkeleg avstand og/eller gjere tiltak i prosjekteringa som tilseie at skade på bygg eller VA-leidningar ikkje vil førekomme ved t.d. drift- og vedlikehald av infrastruktur. Løysinga må godkjennast av kommunen før det kan gjevast løyve til igangsetting.
- Før det kan gjevast løyve til igangsetting må det ettersendast oppdatert utomhusplan til godkjenning som syner plan for felles leikeplass/uteopphaldsareal. Det må ved søknad om midlertidig bruksløyve for bueiningar kunne dokumenterast at minimum 50% av leikeplassareal/uteopphaldsareal er opparbeidd og klar til bruk.
- Før det kan gjevast løyve til igangsetting må det ettersendast oppdatert dokumentasjon og utomhusplan som viser fallplan og løysing for handtering av overvatn.
- Før det kan gjevast løyve til igangsetting må det gjerast ei vurdering i samråd med kommunen, om 5 nye bueiningar utløyse endra dimensjon/røyr for inntak av kommunalt vatn.
- Vilkår for løyve til dispensasjon frå byggegrense til FV 57, ref. 2022/69327-2, skal oppfølgjast.
I samsvar med veglova § 40, vert det gjeve endra avkøyrsleløyve til gbnr. 92/75, som vist i situasjonsplan. Avkøyrsla skal oppfylle følgjande krav:
- Der avkøyrsla går over veggrøft, må det leggast ned rør med minimum innvendig diameter 200 mm. Rørene leggast på eit godt komprimert fundament og på ein slik måte at veggrøfta ikkje skades og grøftevatnet får fritt avløp. Det er eigarane/brukarane av avkøyrsla som har ansvaret for stikkrenna og å holde denne open.
- Avkøyrsla må ikkje ligge høgare enn vegkanten. På dei første 2 m frå vegkanten skal avkøyrsla ha eit jamt fall på 5 cm (2,5 %). På spesielt vanskelege stader kan det dispenserast, slik at lengda frå vegkanten blir 1 m med jamt fall på 2,5 cm (2,5 %). Avkøyrsla bør ikkje ha større stigning/fall enn 12,5 % (1:8). Avkøyrsla må utformast på ein slik måte at overvatn, søle, grus etc. ikkje blir leia inn på den offentlege vegen.
- Siktsona må vere fri for sikthinder (slik som innretningar/plantar over 50 cm) før avkøyrsla kan takast i bruk.
- Dersom det ved avkøyrsla, med tilhøyrande rør/stikkrenner, oppstår feil eller manglar som etter påtale ikkje blir retta, kan kommunen stenge avkøyrsla eller la manglane rettes for eigarens/brukarens rekning. Det same gjelder for innretningar og vekstar som er nemnt over, samt dersom avkøyrsla blir bygd eller nytta i strid med det løyve som er gitt.
- Dersom avkøyrsla er adkomst til garasjen, må det foran garasjen vere oppstillingsplass for bilen.
Nabomerknad vert ikkje teken til følgje. Viser til vurdering i saksutgreiing.
Behandling
Frå administrasjonen var ingeniør Inger Kristin Aamot med under handsaminga og svara på spørsmål.
Endringsframlegg frå Mark Taylor (MDG) sendt per e-post:
Vilkåret «Det vert sett vilkår om at 2 stk parkeringsplass vest for hovudinngang vert omgjort til sykkelparkering eller anna hensiktsmessig føremål.» vert endra til:
«Det vert sett vilkår om at 2 stk parkeringsplass vest for hovudinngang vert omgjort og tilrettelagt for sykkelparkering. Sykkelparkering skal tilretteleggast med sykkelstativ, og bør utformast med tak».
Røysting:
Endringsframlegget fall mot ein røyst - Mark Taylor (MDG)
Røysting:
Kommunedirektøren sitt framlegg vart samrøystes vedteke.