Her ser du informasjon om eit møte i Formannskapet.
 
Clear
     
 

Møte i Formannskapet den 20.10.2022

Formannskapet
20.10.2022 08.30 - 13.35
Utval:Formannskapet
Dato:20.10.2022 08.30 - 13.35
Møtestad:Fjalerhuset
Status:Vedtak er påført møtet
Sakskart:Innkalling - Formannskapet - 20.10.2022 (Hoveddokument)
Møteprotokoll:Protokoll - Formannskapet - 20.10.2022 (Hoveddokument)

Saksliste

  • Godkjenning av innkalling og sakliste Hoveddokument 298KB
    Brevdato: 13.10.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Personal og organisasjon
    Sakshandsamar: Hovlandsdal, Inger

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Innkalling og sakliste vert godkjende.



    Behandling

    Kommunedirektøren sitt framlegg vart samrøystes vedteke

  • Godkjenning av protokoll Hoveddokument 308KB

    071/22 - 22/9855 - Godkjenning av protokoll

    Journaldato: 08.11.2022  2 dokumenter
    Brevdato: 05.10.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Personal og organisasjon
    Sakshandsamar: Van Gangelen, Jeroen

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Protokoll frå siste møte vert godkjend.



    Behandling

    Kommunedirektøren sitt framlegg vart samrøystes vedteke

  • Referatsaker Hoveddokument 503KB

    072/22 - 22/10113 - Referatsaker

    Journaldato: 08.11.2022  1 dokument
    Brevdato: 13.10.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Personal og organisasjon
    Sakshandsamar: Hovlandsdal, Inger

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Referatsakene vert godkjende.



    Behandling

    Mark Taylor (MDG) viste til innsendt epost med spørsmål om status for vassforsyning frå Lifjell til Lutelandet til framtidig næringsaktivitet.
    ordføraren svara.

    Kommunedirektøren orienterte om:

    • Henlagt straffesak
    • Budsjettsituasjonen
    • næringseksjon



  • Gjeld sak til klagevurdering, frådeling av bustadtomt frå gbnr. 237_3 i Fjaler kommune Hoveddokument 81KB

    014/22 - 22/9931 - Gjeld sak til klagevurdering - frådeling av bustadtomt frå gbnr 237/3

    Journaldato: 10.10.2022  Avsendar(ar): Statsforvaltaren i Vestland   
    2 dokumenter
    Brevdato: 06.10.2022
    Dokumenttype: Innkomande dokument
    Ansvarlig enhet: Teknisk
    Sakshandsamar: Aamot, Inger Kristin

    Dokumenter

     
  • Salskontrollar 10.10..2022 Hoveddokument 807KB

    015/22 - 22/10045 - Salskontrollar 10.10..2022

    Journaldato: 11.10.2022  Avsendar(ar): Securitas Førde v/ Magne Olav Strømme   
    1 dokument
    Brevdato: 11.10.2022
    Dokumenttype: Innkomande dokument
    Ansvarlig enhet: Personal og organisasjon
    Sakshandsamar: Hovlandsdal, Inger

    Dokumenter

     
  • Byggesak - Riving av bygg og oppføring av ny  bustad, tilkomstveg, dispensasjon - gbnr 25/3 Hoveddokument 808KB
    Brevdato: 15.09.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Teknisk
    Sakshandsamar: Aamot, Inger Kristin

    Dokumenter

     

    Vedtak

    I samsvar med plan- og bygningslova §19-2 vert det gjeve løyve til dispensasjon frå landbruk-, natur- og friluftsføremålet i kommuneplanen sin arealdel til delvis riving av våningshus på eigedom gbnr 25/3. Det setjast følgjande vilkår for løyvet:

    ·         Våningshuset sin lafta tømmerkasse og grunnmur skal bevarast.

    ·         Ein skal unngå nye og store holtakingar i eksisterande tømmerkasse.

    ·         Steinlagt trapp og steinlagt uteareal i forkant av eksisterande våningshus skal bevarast.

    ·         Tiltak som kan gjerast på eksisterande våningshus: etterisolering, utskifting av eksteriør (nye vindauge, dører, kledning, tak), drenering, riving av del av hovudetasjen som ikkje er lafta tømmerkasse.

    ·         Endringar skal gjerast i dialog med Vestland Fylkeskommune.

    Dispensasjonen vert grunngjeven med at omsynet bak føresegna det dispenserast frå, eller omsyna i lova sine føremålsføresegner, ikkje vert vesentleg tilsidesett, ved å setje vilkår om at viktige delar av eksisterande våningshus blir bevart for vidare bruk. Etter ei samla vurdering vert det vurdert at ein kan gje løyve til ei delvis riving av våningshuset, der bygningsdelar som er skildra som godt bevart med god kvalitet, vert ivareteke for vidare bruk i framtida. Ei delvis riving er vurdert å kunne medverke til bevaring av eit lokalt viktig kulturmiljø med høg verdi og regional interesse, samstundes som at det vert lagt til rette for busetnad og tilpassing av eksisterande byggverk til moderne standard. Då det vert vurdert at det finnast gode alternativ for ny bustad i tilknyting til eksisterande bygning, utan å måtte gjennomføre ei fullstendig riving av kulturminnet, er det vurdert at ein ikkje kan gi løyve til ei fullstendig riving, då ein slik reduksjon av kulturmiljøet og bygget i seg sjølv vil vere i strid med intensjon i gjeldande arealdel i kommuneplanen og føresegner i komande arealdel, samt at ulempene vert vurdert som større enn fordelane. Bygget har ein alder på over 160 år, noko som vitnar om at materiala som er brukt i bygget er av høg kvalitet som har tolt å stå ubrukt over lengre tid, og fordelane ved å legge til rette for vidare bruk av desse godt bevarte bygningsdelane med god kvalitet er også vurdert og vektlagt høgt ut frå eit klima- og bærekraftperspektiv.

    I samsvar med plan- og bygningslova §19-2 vert det gjeve løyve til dispensasjon frå landbruk-, natur- og friluftsføremålet i kommuneplanen sin arealdel til oppføring av nytt bustadhus/tilbygg, med tilhøyrande byggverk, i direkte tilknyting til eksisterande våningshus, samt tiltak på resterande del av våningshus på eigedom gbnr 25/3. Det setjast følgjande vilkår for løyvet:

    - Nytt bustadhus/tilbygg med tilhøyrande byggverk skal tilpassast eksisterande landskap og kulturmiljø.

    - Med byggverk meiner ein alle tiltak utover sjølve bustadhuset som er nødvendig for å mogleggjere oppføring av nytt bustadhus/tilbygg. Byggverk vil då kunne omfatte ny intern tilkomstveg frå tun til nytt bustadhus/tilbygg, murar, terrengendringar, m.m.

    - Nye tiltak skal i størst mogleg grad unngå nedbygging av slåttemark og jordbruksareal.

    - Nye tiltak skal konsentrerast i tilknyting tunet og eksisterande bygningar.

    - Det skal vere dialog med Fjaler kommune og/eller Vestland Fylkeskommune i arbeidet med planlegging av nye tiltak.

    Dispensasjonen vert grunngjeven med at omsynet bak føresegna det dispenserast frå, eller omsyna i lova sine føremålsføresegner, ikkje vert vesentleg tilsidesett, då eit nytt bustadhus/tilbygg vil kunne legge til rette for tilflytting og busetnad på ein fråflytta gard som ikkje er i drift. Busetnad på eigedommen vil kunne medverke til at bygningar, verdifullt kulturmiljø og kulturlandskap vert vedlikehalde og ivaretatt, og mogleggjer framtidig landbruksdrift, samt nødvendig drift av t.d. utvald naturtype slåttemark vert vidareført. Det er sett vilkår som ein meiner vil sikre tilstrekkeleg ivaretaking av omsyna knytt til arealføremålet. Fordelane ved å gje dispensasjon vert vurdert til å vere vesentleg større enn ulempene etter ei samla vurdering.

    I samsvar med plan- og bygningslova §19-2 vert det ikkje gjeve løyve til dispensasjon frå landbruk-, natur- og friluftsføremålet i kommuneplanen sin arealdel til riving av eksisterande vedhus på eigedom gbnr 25/3.

    Avslaget vert grunngjeven med at omsynet bak føresegna det dispenserast frå, eller omsyna i lova sine føremålsføresegner, vert tilsidesett. Etter ei samla vurdering vert det vurdert at ein ikkje kan gje løyve til riving av vedhus, då ei riving vil medføre reduksjon av eit lokalt viktig kulturmiljø med høg verdi og med regional interesse, og vil vere i strid med intensjon i gjeldande arealdel i kommuneplanen og føresegner i komande arealdel. Vedhuset er ein del av eit kulturmiljø, som i seg sjølv er vurdert som viktig med høg verdi og med regional interesse. Vidare er det også kome innspel frå Fylkeskommunen på at bygningar på eigedommen kan vere knytt til tidlegare gruvedrift i Sørdalen, som jf. kommunen sin kulturminneplan var aktiv frå 1759-1780 og seinare 1864-86 og 1907-09, og som er ein del av den første kjende industrihistoria i kommunen. Ulempene med å gje løyve til riving er vurdert å vere større enn fordelane etter ei samla vurdering, då det finnast alternativ for nye tiltak på eigedommen som ikkje treng å resultere i at vedhuset blir rive. Avslaget er ikkje til hinder for at vedhuset kan settast i stand, eventuelt nedrivne delar kan ryddast, men intakte bygningsdelar som steinmur skal bevarast. Endringar knytt til vedhuset skal gjerast i dialog med Fylkeskommunen.

    I samsvar med pbl. §21-4 vert det ikkje gjeve rammeløyve til riving av våningshus og vedhus, og oppføring av nytt bustadhus som omsøkt på eigedom gbnr 25/3, då søknad om rammeløyve ikkje samsvarar med løyve med vilkår til dispensasjon og avslag til dispensasjon. Ein ber om at det vert sendt inn ein ny søknad om rammeløyve.

    I samsvar med plan- og bygningslova §19-2 vert det gjeve dispensasjon frå landbruk-, natur- og friluftsføremålet i kommuneplanen sin arealdel til oppføring av ny tilkomstveg og opparbeiding av tun som omsøkt på eigedom gbnr 25/3. Det setjast følgjande vilkår for løyvet:

    · Del av tun mot vest skal reduserast, for å ivareta utvald naturtype slåttemark i størst mogleg grad.

    · Oppføring av tilkomstveg skal i størst mogleg grad ta omsyn til lokale ospetre ved planlegging og oppføring av vegen.

     

    Dispensasjonen vert grunngjeven med at omsynet bak føresegna det dispenserast frå, eller omsyna i lova sine føremålsføresegner, ikkje vert vesentleg tilsidesett. Området for omsøkt tilkomstveg har låg andbruksverdi, og ligg i hovudsak i gamal trase for straumlinje. Området for opparbeiding av tun har verdi som utvald naturtype slåttemark, og det er ein føresetnad for vedtaket at delar av planlagd opparbeiding av tun vert redusert eller endra. Omsøkt veg vil tilrettelegge for tilkomst for maskiner og utstyr for å vedlikehalde kulturlandskap, bygningar og mogleggjer framtidig landbruksdrift, samt tilrettelegg for busetting. Fordelane med å gje dispensasjon vert difor vurdert til å vere vesentleg større enn ulempene etter ei samla vurdering.

     

    I samsvar med pbl. §21-4 vert det gjeve rammeløyve til oppføring av ny tilkomstveg og opparbeiding av tun som omsøkt på eigedom gbnr 25/3. Det setjast følgjande vilkår for løyvet:

    · Tilkomstveg og planlagt opparbeidd tun må oppfølge vilkår sett i dispensasjonsvedtak.

    · Det må ved søknad om igangsettingsløyve leggast ved oppdatert situasjonsplan som viser tilkomstvegen som tiltak i si heilheit, inkludert terrengarbeid, skjering og fyllingsfor, med påmerka plassering for ospetre. Det må leggast ved tilfredsstillande dokumentasjon som tilseie at ein størst mogleg grad har teke omsyn til lokale ospetre ved planlegging og oppføring av vegen.

    · Det må ved søknad om igangsettingsløyve leggast ved tilfredsstillande dokumentasjon og situasjonsplan som tilseie at tunet vert redusert eller eventuelt får ei anna plassering, slik at omfanget av tunet ikkje utgjer unødvendig øydelegging av utvald naturtype slåttemark.

    · Det er ein føresetnad at det er sikra tinglyst vegrett for ny atkomst og bruk av privat veg (Gjølangervegen) jf. pbl. §27-4. 

     



    Behandling

    Formannskapet føretok synfaring i saka.

    Alternativt framlegg frå ordføraren til kommunedirektøren sitt framlegg til det som gjeld dispensasjon for huset:
    I samsvar med plan- og bygningslova §19-2 vert det gjeve løyve til dispensasjon frå landbruk-, natur- og friluftsføremålet i kommuneplanen sin arealdel til delvis riving av våningshus på eigedom gbnr 25/3. Det setjast følgjande vilkår for løyvet:

    ·         Våningshuset sin lafta tømmerkasse og grunnmur skal bevarast.

    ·         Ein skal unngå nye og store holtakingar i eksisterande tømmerkasse.

    ·         Steinlagt trapp og steinlagt uteareal i forkant av eksisterande våningshus skal bevarast.

    ·         Tiltak som kan gjerast på eksisterande våningshus: etterisolering, utskifting av eksteriør (nye vindauge, dører, kledning, tak), drenering, riving av del av hovudetasjen som ikkje er lafta tømmerkasse.

    ·         Endringar skal gjerast i dialog med Vestland Fylkeskommune.

    Dispensasjonen vert grunngjeven med at omsynet bak føresegna det dispenserast frå, eller omsyna i lova sine føremålsføresegner, ikkje vert vesentleg tilsidesett, ved å setje vilkår om at viktige delar av eksisterande våningshus blir bevart for vidare bruk. Etter ei samla vurdering vert det vurdert at ein kan gje løyve til ei delvis riving av våningshuset, der bygningsdelar som er skildra som godt bevart med god kvalitet, vert ivareteke for vidare bruk i framtida. Ei delvis riving er vurdert å kunne medverke til bevaring av eit lokalt viktig kulturmiljø med høg verdi og regional interesse, samstundes som at det vert lagt til rette for busetnad og tilpassing av eksisterande byggverk til moderne standard. Då det vert vurdert at det finnast gode alternativ for ny bustad i tilknyting til eksisterande bygning, utan å måtte gjennomføre ei fullstendig riving av kulturminnet, er det vurdert at ein ikkje kan gi løyve til ei fullstendig riving, då ein slik reduksjon av kulturmiljøet og bygget i seg sjølv vil vere i strid med intensjon i gjeldande arealdel i kommuneplanen og føresegner i komande arealdel, samt at ulempene vert vurdert som større enn fordelane. Bygget har ein alder på over 160 år, noko som vitnar om at materiala som er brukt i bygget er av høg kvalitet som har tolt å stå ubrukt over lengre tid, og fordelane ved å legge til rette for vidare bruk av desse godt bevarte bygningsdelane med god kvalitet er også vurdert og vektlagt høgt ut frå eit klima- og bærekraftperspektiv.

    I samsvar med plan- og bygningslova §19-2 vert det gjeve løyve til dispensasjon frå landbruk-, natur- og friluftsføremålet i kommuneplanen sin arealdel til oppføring av nytt bustadhus/tilbygg, med tilhøyrande byggverk, i direkte tilknyting til eksisterande våningshus, samt tiltak på resterande del av våningshus på eigedom gbnr 25/3. Det setjast følgjande vilkår for løyvet:

    - Nytt bustadhus/tilbygg med tilhøyrande byggverk skal tilpassast eksisterande landskap og kulturmiljø.

    - Med byggverk meiner ein alle tiltak utover sjølve bustadhuset som er nødvendig for å mogleggjere oppføring av nytt bustadhus/tilbygg. Byggverk vil då kunne omfatte ny intern tilkomstveg frå tun til nytt bustadhus/tilbygg, murar, terrengendringar, m.m.

    - Nye tiltak skal i størst mogleg grad unngå nedbygging av slåttemark og jordbruksareal.

    - Nye tiltak skal konsentrerast i tilknyting tunet og eksisterande bygningar.

    - Det skal vere dialog med Fjaler kommune og/eller Vestland Fylkeskommune i arbeidet med planlegging av nye tiltak.

    Dispensasjonen vert grunngjeven med at omsynet bak føresegna det dispenserast frå, eller omsyna i lova sine føremålsføresegner, ikkje vert vesentleg tilsidesett, då eit nytt bustadhus/tilbygg vil kunne legge til rette for tilflytting og busetnad på ein fråflytta gard som ikkje er i drift. Busetnad på eigedommen vil kunne medverke til at bygningar, verdifullt kulturmiljø og kulturlandskap vert vedlikehalde og ivaretatt, og mogleggjer framtidig landbruksdrift, samt nødvendig drift av t.d. utvald naturtype slåttemark vert vidareført. Det er sett vilkår som ein meiner vil sikre tilstrekkeleg ivaretaking av omsyna knytt til arealføremålet. Fordelane ved å gje dispensasjon vert vurdert til å vere vesentleg større enn ulempene etter ei samla vurdering.

    I samsvar med plan- og bygningslova §19-2 vert det ikkje gjeve løyve til dispensasjon frå landbruk-, natur- og friluftsføremålet i kommuneplanen sin arealdel til riving av eksisterande vedhus på eigedom gbnr 25/3.

    Avslaget vert grunngjeven med at omsynet bak føresegna det dispenserast frå, eller omsyna i lova sine føremålsføresegner, vert tilsidesett. Etter ei samla vurdering vert det vurdert at ein ikkje kan gje løyve til riving av vedhus, då ei riving vil medføre reduksjon av eit lokalt viktig kulturmiljø med høg verdi og med regional interesse, og vil vere i strid med intensjon i gjeldande arealdel i kommuneplanen og føresegner i komande arealdel. Vedhuset er ein del av eit kulturmiljø, som i seg sjølv er vurdert som viktig med høg verdi og med regional interesse. Vidare er det også kome innspel frå Fylkeskommunen på at bygningar på eigedommen kan vere knytt til tidlegare gruvedrift i Sørdalen, som jf. kommunen sin kulturminneplan var aktiv frå 1759-1780 og seinare 1864-86 og 1907-09, og som er ein del av den første kjende industrihistoria i kommunen. Ulempene med å gje løyve til riving er vurdert å vere større enn fordelane etter ei samla vurdering, då det finnast alternativ for nye tiltak på eigedommen som ikkje treng å resultere i at vedhuset blir rive. Avslaget er ikkje til hinder for at vedhuset kan settast i stand, eventuelt nedrivne delar kan ryddast, men intakte bygningsdelar som steinmur skal bevarast. Endringar knytt til vedhuset skal gjerast i dialog med Fylkeskommunen.

    I samsvar med pbl. §21-4 vert det ikkje gjeve rammeløyve til riving av våningshus og vedhus, og oppføring av nytt bustadhus som omsøkt på eigedom gbnr 25/3, då søknad om rammeløyve ikkje samsvarar med løyve med vilkår til dispensasjon og avslag til dispensasjon. Ein ber om at det vert sendt inn ein ny søknad om rammeløyve.

    Røysting:

    Alternativt framlegg frå ordføraren til det som gjeld dipensasjon for huset, og kommundirektøren sitt framlegg til det som gjeld dispensasjon for vegen vart samrøystes vedteke.

  • Frådeling av to bustadtomtar frå gbnr 92/14, dispensasjon - Hauglandsvegen 96 Hoveddokument 1MB
    Brevdato: 12.10.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Teknisk
    Sakshandsamar: Aamot, Inger Kristin

    Dokumenter

     

    Vedtak

    I samsvar med plan- og bygningslova §19-2 vert det gjeve dispensasjon frå plankrav i gjeldande kommuneplan sin arealdel og dispensasjon frå pbl. §1-8, til frådeling av areal for to bustadtomter, og oppføring av bustadhus med garasje på tomtene, på eigedom gbnr 92/14. Det setjast følgjande vilkår for løyvet:

    • Omsøkte tomtegrenser justerast til å følgje avsett areal til bustadføremål for område B21. Totalt areal vert justert til ca. 2660 m2, med to tomter á ca. 1330 m2.
    • Byggegrense frå føremålsgrensa (B21) er 4 meter. Bustadhus og andre tilhøyrande byggverk si plassering og utforming skal vere tilpassa terrenget og ikkje dominere landskapet.
    • Utnyttingsgrad for bustadtomter er %BRA=25%, tilsvarande BRA=ca. 332 m2.
    • Maksimal storleik for garasje er 70 m2 BYA/BRA, med maks møne- og gesimshøgde 6 meter. Garasje skal oppførast i tilknyting til bustadhus.
    • 2 parkeringsplassar per bustadtomt
    • Minste uteopphaldsareal på 50 m2. Ein må kunne vise til at halvparten av arealet er opparbeidd ved søknad om midlertidig bruksløyve.
    • Avkøyrsel skal utformast og oppfylle siktkrav i samsvar med gjeldande vegnormalar.
    • Det er ein føresetnad at rett til å nytte privat veg og atkomst til privat veg, vert sikra jf. pbl. §27-4.
    • Det er ein føresetnad at rett til å kople seg på private leidningar i forkant av kommunale leidningar vert sikra, jf. pbl. §§27-1 og 27-2.
    • Dersom det vert påvist noko som kan vere automatisk freda kulturminne, må det med ein gong takast kontakt med Vestland Fylkeskommune, jf. lov om kulturminne §§4, 8.2 og 3.

    Dispensasjonen vert grunngjeven med at omsynet bak føresegna det dispenserast frå, eller omsyna i lova sine føremålsføresegner, ikkje vert vesentleg tilsidesett, ved å setje vilkår som medverkar til ein heilskap i området vurdert opp mot det som allereie er bebygd. Omsøkt område er tilrettelagt for å kople seg til privat veg og vatn og avløp, og vil utnytte eit restareal mellom to bebygde bustadtomter. Det er vurdert at ein dispensasjon ikkje vil vere til hinder for vidare utbygging eller ei framtidig regulering av området. Vidare er det vurdert at fordelane ved å legge til rette for busetting i området ved ein dispensasjon i dette tilfellet, er større enn ulempene, basert på mål for utvikling i kommuneplanen sin samfunnsdel og vilkår som vert sett i løyvet.

    I samsvar med plan- og bygningslova §20-1 og 26-1 vert deling av areal på ca. 2660 m2, for to bustadtomter á ca. 1330 m2, frå eigedom gbnr 92/14 godkjent. Det setjast følgjande vilkår for løyvet:

    Vilkår sett i løyve til dispensasjon frå plankrav og pbl. §1-8 vert oppfylt.




    Behandling

    Endringsframlegg til 2. kulepunkt frå kommunedirektøren:
    Byggegrense frå føremålsgrensa (B21) er 4 meter. Bustadhus og andre tilhøyrande byggverk si plassering og utforming skal vere tilpassa terrenget og ikkje dominere landskapet.

    Røysting:
    Endringsframlegg frå kommunedirektøren vart samrøystes vedteke.


    Tilleggsframlegg frå MDG v/ Mark Taylor:

    • Ein bør ta vare på ein del av naturleg vegetasjon på bustadtomtene for positiv verknad for naturmangfaldet i området.
    • Dersom det vert observert reir eller hekkande fugl av raudlista artar i området, bør ein unngå hogging av skog og byggje- og anleggsarbeid i hekke- og ynglingstida til desse fugleartane. (Vinterstid er ei god tid å ta ned skog for å unngå å forstyrre hekkande raudlista fuglar.)

    Røysting:
    Tilleggsframlegg frå MDG fekk 2 røyster og fall (Mark Taylor - MDG og Joakim Janninge - SV)

  • Byggesak gbnr 235/23 - Dispensasjon for bruksendring frå anneks til fritidsbustad, tilbygg, fasadeendring, ny tilkomstveg og oppføring av garasje - Vågsvegen 822 Hoveddokument 806KB
    Brevdato: 05.10.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Teknisk
    Sakshandsamar: Olset, Lill Hege

    Dokumenter

     

    Vedtak

    I samsvar med plan- og bygningslova § 19-2 vert det ikkje gjeve dispensasjon frå arealføremålet i kommuneplanen til bygging som omsøkt på gbnr 235/23.

    Avslaget vert grunngjeven med at omsynet bak føresegna det dispenserast frå, eller omsyna i lova sine føremålsføresegner, vert tilsidesett og at ulempene ved å gje dispensasjon er klart større enn fordelane. Det er vurdert at omsøkt dispensasjon for bruksendring med tilhøyrande tiltak, vil kunne gje arealbrukskonfliktar, og vere i strid med føresegner i kommuneplanen sin arealdel og strategi i kommuneplanen sin samfunnsdel, då det kun er lagt opp til fortetting av eksisterande felt for frittidsbustad og der det allereie er fritidsbusetnad frå før, samt presisering i arealdelen at det ikkje bør gjevast dispensasjon til spreidd hyttebygging i området og at ein i området skal vere varsam med blanding av bustad og fritidsbusetnad. Det er vidare vurdert at eit løyve til dispensasjon som omsøkt, vil kunne medføre uheldig presedensverknad for nye søknader om fritidsbustad på bustadeigedomar i kommunen.



    Behandling

    Kommunedirektøren sitt framlegg vart samrøystes vedteke

  • Forvaltning konsesjonskraft Hoveddokument 328KB

    076/22 - 22/10098 - Forvaltning konsesjonskraft

    Journaldato: 13.10.2022  1 dokument
    Brevdato: 13.10.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Kommunedirektøren
    Sakshandsamar: Nesse, Bente

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Formannskapet sitt framlegg til kommunestyret:
    Fjaler kommune nyttar Kommunekraft AS til rådgjeving og gjennomføring av anbodsprosess på forvaltning av konsesjonskraft og heimfallskraft.

    Fjaler kommune blir aksjonærkommune i Kommunekraft AS ved å kjøpe ein aksje til 1000 kroner.
    Kommunedirektøren får fullmakt til å inngå forvaltningsmodell (fastpris/ spotpris med påslag).  



    Behandling

    Kommunedirektøren sitt framlegg vart samrøystes vedteke som formannskapet sitt framlegg til kommunestyret

  • Tertialrapport 2 - 2022 Hoveddokument 375KB

    077/22 - 22/9973 - Tertialrapport 2 - 2022

    Journaldato: 12.10.2022  3 dokumenter
    Brevdato: 12.10.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Kommunedirektøren
    Sakshandsamar: Myklebust, Annikken

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Formannskapet sitt framlegg til kommunestyret:

    1. 2. tertialrapport vert godkjend slik han ligg føre

    2. Budsjettjusteringar vert godkjend jamfør tabell under

    Sektor

    Sektor (T)

    Beløp

    1

    Fellestenester og forvaltning

    -716

    2

    Oppvekst og integrering

    500

    4

    Helse og omsorg

    1 500

    5

    Kultur og samfunnsutvikling

    0

    6

    Tekniske tenester

    400

    9

    Finansielle føremål

    -1074

    Sum

     

    0

    3. Løyvingar på VA prosjekt opplista i tabell under blir nedbudsjettetert og løyvinga blir brukt inn i økonomiplanen for 2023-2026 til fellespott på sjølvkostbudsjettet.

    Prosjekt

    Prosjekt (T)

    Beløp

    2618

    Ny pumpestasjon Haugland

    500

    2299

    Overvakning Haugland

    300

    2162

    Overvaking Hatledalen

    100

    Sum Va prosjekt

     

    900



    Behandling

    Kommunedirektøren sitt framlegg vart samrøystes vedteke som formannskapet sitt framlegg til kommunestyret

Frammøte

Frammøte
PolitikarPartiMedlemstypeMobilE-Post
Felde, Kjetil HøgsethSenterpartietordførarKjetil.Hogseth.Felde@fjaler.kommune.no
Espedal, Leif JarleArbeiderpartietvaraordførarLeif.jarle.Espedal@politikar.fjaler.no
Jarstad, JosteinHøgremedlemJostein.Jarstad@politikar.fjaler.no
Taylor, MarkMiljøpartiet Dei Grønemedlemmark.taylor@politikar.fjaler.no
Engen, Randi OddnySenterpartietmedlemRandi.engen@monter.no
Janninge, Carl JoakimSosialistisk VenstrepartimedlemJoakim.Janninge@politikar.fjaler.no
Osland, ArneVenstremedlemarne.osland@uwcrcn.no

Kontaktinformasjon om tenesta

Fjaler kommune
Dalstunet 20
6963 Dale i Sunnfjord
Telefon: 57738000