Vedtak
Kommunedirektøren sitt framlegg:
Vedtektene for Skulefritidsordningane i Fjaler vert vedtekne slik dei ligg føre. Med endring i punkt 5 under dagleg opningstid I første setning “innanfor ei tidsramme frå 07.00 - 16.30, må kvar skule fastsetje tenlege opningstider” legg ein til: ut i frå påmelding.
Behandling
Kommunalsjef oppvekst Ingvard Flekke var med under handsaming og svara på spørsmål frå kommunestyret.
Endringsframlegg frå SP v/ Randi Engen:
Under punkt 5 opnings- og opphaldstid. - årleg opningstid
1. punktet “opningstid i ferievekene kl. 08.00 -15.30” går ut.
2. Punktet “bindande påmelding til ferietilbod er 20. april.” Blir endra til 10. mai.
Endringsframlegg frå Arne Osland (V):
Punkt 5 - opnings- og opphaldstid - dagleg opningstid. I første setning “innanfor ei tidsramme frå 07.00 - 16.30, må kvar skule fastsetje tenlege opningstider” legg ein til: ut i frå påmelding.
Røysting:
Endringsframlegg frå SP punkt 1 fall mot 8 røyster (7 - SP og 1-FRP)
Endringsframlegg frå SP punkt 2 fall mot 11 røyster (7 - SP, 1 -FRP, 2 MDG og Ståle Brattelid (V)
Endringspramlegg frå Arne Osland (V) vart samrøystes vedteke
Kommunedirektøren sitt framlegg med endringsframlegg frå Arne Osland (V) vart samrøystes vedteke.