FEST I FJALER Bollywood danseverkstad

fredag 12. august 2022, 18.00 - 18.30

Informasjon

Som ein del av Dalsfjordveka vert det Fest i Fjaler i Jakob Sande-tunet og nærliggjande område 12.- 14. august.

Lær fargesprakande Bollywood-dans av dansar og skodespelar Lavleen og Alina Kaur!
Har du høyrt om Bollywood? Og filmane frå Mumbai som er fulle av kjærleik og intriger, er glitrande, og fulle av dans og musikk.

Lavleen Kaur er dansar, skodespelar og kriminolog, og har spesialisert seg innan den klassiske danseforma Kathak. Ho har også jobba som koreograf og instruktør. Nokre kjenner ho best som legen i Karsten og Petra, og som Bela i Kaptein Sabeltann. Med seg på kurset har ho dottera Alina.

Kurset varar i 30 minutt og kostar 50,-. Høver for barn frå 5 år og oppover. Møt opp i Nikka Vonens pikeskole kl. 18.00 på fredagen under Fest i Fjaler.

Sjå oppdatert program på facebook Jakob Sande-senter for forteljekunst, og www.jakobsande.no

   David Zadig  

Stad

Steia gard, Nikka Vonens pigeskole
 

Kontakt

Jakob Sande-senter for forteljekunst
 

Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk