TEATER Aske av Stein

laurdag 14. mai 2022, 19.30 - 23.00

Informasjon

Det nystarta Fjaler Turnéteater skipar til festkveld på Trudvang!

Norgespremiere på Daniel Danis omtykte stykke og konsert med det nye Fjaler/ Holmedal-baserte bandet Shit Bird!

Aske av Stein er eit moderne forteljeteater, skrive av den verdskjente dramatikaren Daniel Danis, som kan seiast å stå i ein Sande-tradisjon. Aske av Stein er ei herleg mørk, humoristisk og brutal bygdeskildring, med skråblikk på dei små menneska og deira store problem.

Vi møter ungdom som stadig finn nye grenser å krysse med all slags faenskap for å døyve alt som er kjedeleg og meiningslaust. Og ein far og ei dotter på flyttefot for å komme over mora sin død. Faren, Kolbjørn, synk ned i arbeid for ikkje å tenke, og gidd ikkje bli kjent med folk i bygda. Dei gir han kallenamnet "Steinen”. Når nabo-jenta Camilla legg an på "steinen", brytast eit tabu, og eit gamalt løfte mellom vener løyser ut eit skred.

Når framsyninga startar har dei tragiske hendingane alt skjedd.

Kredittliste:
Manus: Daniel Danis
Omsetjing: Demian Vitanza
Regi: Simon Boberg
Ensemble: Gina Lindås Theodorsen, Sebastian Warholm, Håkon Mathias Vassvik og Marie Longva Danielsen.
Komponist: Gaute Tønder
Lys: Yasin Gyltepe
Produsentar: Torkil Sandsund og Maja Bergebakken Sundt

Produsert av Fjaler Turnéteater og Preform AS.

Framsyning kl 19.30 Dørene opnar kl 19.00.

Aske av Stein turnerer i samarbeid med Folkeakademiet i Sogn og Fjordane og Cornerstone i Bergen.

 

Fjaler Turneteater  

Stad

Trudvang, Dale
6963 Dale i Sunnfjord

Nettstad: http://

Kontakt

Fjaler Turneteater
 

Torkil Sandsund
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk