Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

  • Ved positiv hurtigtest: Ring 46 81 29 60 for rådgjeving, kvardagar 08.00–20.00, helg 10.00–16.00. Ved positiv hurtigtest utanom opningstida, ber vi deg gå i isolasjon og kontakte nærkontaktar sånn at dei går i karantene. Ring smitteverntelefonen når den opnar for hjelp til vidare smittesporing
  • Vaksinespørsmål: Ring 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)
  • Andre spørsmål om korona: Ring 97 69 74 37 (kvardagar 09.00–14.00)
 

TEATER «Gratis og uforpliktande verdivurdering»

tysdag 15. februar 2022, 18.30 - 20.00

Informasjon

Moderne norsk kvardagsliv

I Fjalerhallen i Dale 15. februar 2022 kl. 18:30

Nokre-og-førti år gamle Hanne bur saman med Andreas og to små born i ei leilegheit som ho vil seie er perfekt for studentar eller einslege.

Så dukkar draumehuset i sjølve draumegata opp på Finn. Hanne har studert nabolagsprofilane for heile byen, og ingen har betre nabolag enn her. Det er ein ressurssterk bydel med godt utbygde idrettsanlegg og ein høg andel sosialistiske veljarar. Dei tenker ikkje berre på seg sjølve her, nei!

Viss dei berre får kjøpt det huset, skal ho starte dagen i treningsklede. Ho kjem til å bli så sprek at ho har overskot til alle. Heilt umerkeleg vil ho smelle saman ei røre og servere sveler til alle ungane, og naboane vil vere så gode venner at det er naturleg å ha grillfest saman. Og viss ho berre finn den rette eigedomsmeklaren, vil dei ikkje då få betre takst på leilegheita og «ja» til nytt huslån?

Vi følger Hanne og Andreas i dagane fram mot bodrunda. Fleire spørsmål melder seg: Kven er det som eigentleg har dratt lasset i alle desse åra? Er lengten etter draumehuset like mykje eit forsøk på å få forholdet til å henge saman? Og kva konsekvensar får fortidas små og store svik for den viktige avgjerda som ligg framfor dei?

«Gratis og uforpliktande verdivurdering» er basert på boka til Marit Eikemo, ein knakande god pageturner om moderne, norsk kvardagsliv.

Kunstnarleg lag

Forfattar Marit Eikemo

Dramatikar Mari Hesjedal

Regissør Linn Meyer Kongshavn

Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington

Komponist Marianne Stranger

Lysdesignar Krystian Myska

Dramaturg Miriam Prestøy Lie

Ansvar for scenisk språkovergang Terje Lyngstad

Medverkande

Idun Losnegård

Kyrre Eikås Ottersen

Carina Furseth

Peder Lauvås

Billettar her

Teater Vestland  

Stad

Fjalerhallen
6963 Dale i Sunnfjord

Nettstad: http://www.daleil.no

Kontakt

Teater Vestland
 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk