Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Julegrantenning i Dale

laurdag 27. november 2021, 16.15 - 17.15

Informasjon

Musikk og song, lystenning, lysande ord, shetlandsponniar og nissar

No er snart tida for å tenne den store grana i parken i Dale. Det har vore tradisjon i mange, mange år og i år kan vi møtast på verkeleg i motsetning til i fjor då det vart på film!  

Det heile startar rundt 16.15  med sal av gløgg, kaffi og småkaker ved 10. klasse og musikkkorpset som varmar opp.

Kl 16.30 vert grana tent

Musikkkorpset spelar

Det vert allsong med lokale koristar og studiokoret til Det Norske Jentekor som held konsert i kyrkja seinare kl 18.00, vil også syngje, 

Dingemoen skule, 5. klasse kjem med program 

Så har vi høyrt at nissane vil komme ridande på ponniar med overraskingar til dei små og mellomstore. Du må komme og sjå!

Lysande ord for dagen! 

Deretter kan også du ta deg ein tur på hesteryggen og rundt grana om du vil !

God adventstid! 

 

Stad

Parken i Dale
6963 Dale i Sunnfjord

Kontakt

Butikknemnda i Dale
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 95102562

E-post : elisabeth.boge@hotmail.com

Nettstad https://www.facebook.com/Butikkane-i-Dale-811972452239474/

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk