Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Skapande skriving i klasserommet

onsdag 29. september 2021, 12.00 - 16.00

Informasjon

LUTT litteratur

Til dette dags-seminaret om skapande skriving og litteraturarbeid i skulen, inviterer vi lærarar og formidlarar i ungdomsskule og vidaregåande skule.

Seminaret vert arrangert i Løa i Klokkargarden, med foredrag, samtalar og verkstadar om temaet:

Frå dagbøker til debutroman

Ane Barmen frå Vågsøy brakdebuterte med romanen "Draumar betyr ingenting" i 2019. I arbeidet med romanen var dagbøkene frå ungdomstida ei viktig kjelde. I dette foredraget legg Ane Barmen vekt på kor verdifullt det er å skrive for sin eigen del, til dømes i dagbok-sjangeren. Ho fortel om inspirerande lærarar og gode skrive-oppgåver på vegen mot å lukkast som forfattar.

Ungt blikk på litteratur

Kva skal til for å engasjere ungdom i litteratur og lesing? Tore Renberg sin forfattarskap har gjennom eit heilt skuleår vore utgangspunkt for kreativt litteraturarbeid i klasseromma i dei vidaregåande skulane i Molde-regionen, i regi av Bjørnsonfestivalen. I denne samtalen fortel forfattaren om korleis han har opplevd møta med elevane og deira engasjement i tekstane hans.

Diktverkstad i klasserommet

Anna Kleiva er ein av våre mest omtykte, unge lyrikarar. I denne verkstaden viser ho korleis diktet kan vere ein lavterskel-sjanger for komme i gong med skriving og kjenne glede over å kunne uttrykke seg.

«En fortelling er alltid en redningsoperasjon», skriv Cecilie Løveid i Vandreutstillinger, eit sitat frå John Berger. Korleis kan ein fortelje i poesien? Korleis kan det å fortelje vere ei redning? Dette er spørsmål Anna Kleiva vil komme inn på og drøfte med deltakarane.

Lunsj og kaffi er inkludert i deltakaravgifta.

Verkstaden er I samarbeid med Rom for ord

 

Stad

Løa i Klokkargarden
Jakob Sande-tunet,    Dale i Sunnfjord

Tlf.: 99548767

E-post : tunet@jakobsande.no

Nettstad: http://

Kontakt

Jakob Sande-selskapet/ Klokkargarden / Senter for forteljekunst
Nikka Vonens veg 31-35,  6963 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 57737775

E-post : selskap@jakobsande.no

Nettstad http://www.jakobsande.no

Rakel CW Solheim
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk