Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Kveldssalong med Tore Renberg

onsdag 29. september 2021, 20.00 - 23.00

Informasjon

LUTT litteratur er ein ny litteraturfestival i Sunnfjord, utvikla i samarbeid med Luttfest. Festivalen vert arrangert for første gong i 2021, på fleire scener kring om i Sunnfjord.

Først ut er Fjaler onsdag 29. september

Tore Renberg kjem til Dale og Klokkargarden med heile sitt litterære univers i kofferten. Som lesarar vert vi glade i folka i bøkene hans. Når han går på scena saman med sin faste makker på gitar, Alexander Flotve, er det aldri godt å vite kven som dukkar opp. Både familien i Kompani Orheim og røvarane i Hillevåg-gjengen har ein tendens til å stikke innom, særleg den gjengen er ivrige denne bokhausten, med fjerde bandet i Texas-serien, Assalamu Alaikum, akkurat ute.

I Tore Renberg sin siste roman "Tollak til Ingeborg" er det ein stri, gammal kar som vert skriven fram. Tollak har mykje på hjartet, men teier seg sjuk i forteljinga si. Å gå gjennom livet utan å kunne snakke med sine næraste om det vesentlege er vel ikkje heilt ukjent i våre trakter, heller. Noko å lære av Tore sin Tollak, då, denne kvelden.

Førfesten er i samarbeid med Luttfest og Rom for ord

Servering av all slags drikke og boksignering i floren.

Billett kjøper du her

 

Stad

Løa i Klokkargarden
Jakob Sande-tunet,    Dale i Sunnfjord

Tlf.: 99548767

E-post : tunet@jakobsande.no

Nettstad: http://

Kontakt

Jakob Sande-selskapet/ Klokkargarden / Senter for forteljekunst
Nikka Vonens veg 31-35,  6963 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 57737775

E-post : selskap@jakobsande.no

Nettstad http://www.jakobsande.no

Janne Karin Støylen
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk