Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015

 

Sommarsalong: Forfattarmøte med Karoline Brændjord

søndag 1. august 2021, 15.00 - 16.00

Informasjon

"Jeg vil våkne til verden"

Karoline Brændjord debuterte med bravur i fjor haust. For diktsamlinga «Jeg vil våkne til verden» fekk ho både Kritikarprisen og Debutantprisen. Brændjord har i tillegg sjeldan mykje og rosande omtale for boka.

«Ein diktdebut av dei sjeldne. Karoline Brændjord skriv eksistensielt inderleg på ein måte som kjennest nødvendig. Det overordna temaet i dikta er saknet av ei mor som sjølv har valt å forlate verda. Korleis kan den som er igjen då møte og ta innover seg verda? Vind og vatn susar gjennom samlinga, fuglar og dyr likeins. Med Jeg vil våkne til verden  har Karoline Brændjord levert ei lysande debutbok. Ho er eit namn å merke seg blant årets litterære debutantar.»  Anne Cathrine Straume, NRK - Årets beste bøker 2020

Denne søndagen møter du Karoline Brændjord i samtale med poesikollega Henning Bergsvåg i sommarsalongen. Etter samtalen vert det høve til å sikre seg signerte eksemplar av samlinga "Jeg vil våkne til verden" i skulehuset. som er ope kl 12-18 ( sundag) Også ope tysdag til laurdag kl 12-17 ( måndag stengt) 

Billett kjøper du her

Sommarkafèen Lisa i Li

held ope i floren  kl 14-18.med bakst, is, saft og is Gå ikkje glipp av eit besøk der før og etter salongen! 

Klikk for stort bilete 

Stad

Løa i Klokkargarden
Jakob Sande-tunet,    Dale i Sunnfjord

Tlf.: 99548767

E-post : tunet@jakobsande.no

Nettstad: http://

Kontakt

Jakob Sande-senter for forteljekunst
 

Janne Karin Støylen
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk