Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015

 

Saman og aleine som systrer

søndag 13. juni 2021, 16.00 - 17.30

Informasjon

Jorunn var eldst i syskenflokken, Kari var yngst. Då Jorunn flytta ut for å byrje på gymnas som 16-åring, byrja Kari i femte klasse på barneskulen på Stord, der dei vaks opp. – Vi har valt kvarandre som vener, som vaksne forklarar Kari.

Kari Veiteberg

er den første kvinnelege biskopen i Oslo, og ho er det i ei krevjande tid. Ein treng berre nemne korona, klimakrise eller kommentarfelt, for den del. Ordskiftet hardnar. Kari Veiteberg er kjend for sitt sterke sosiale engasjement og for meiningars mot. Om noko av forklaringa på styrke, mot og tru finst i oppveksten, deler ho den med syster si, Jorunn.

Jorunn Veiteberg

er mellom våre fremste kunsthistorikarar, med særleg interesse for smykke.
I si eiga samling tel ho opp over 550 gjenstandar, og kan sjå tilbake ei interesse som har vart ved i over femti år. Korleis oppstod gleda over vakre gjenstandar, og over å bere dei? Korleis kom ho til å bli ein samlar?

I denne samtalen reflekterer systrene over korleis oppveksten slår fylgje gjennom livet, blir ein del av identiteten din og held fram med å prege deg og dei vala du tek. Både Kari og Jorunn har nådd sjeldan langt i sine felt. Kva grunnlag gav barndom og oppvekst for å vere fagleg ambisiøse i vaksen alder?

Til dagleg bur dei i kvar sine land. Kalendrane er meir enn fullteikna, men dei leitar etter opningar, finn tid til kvarandre og vel kvarandre som vener. Kvifor held søsterskapet fram med å vere så nært og viktig for dei begge?

Med desse spørsmåla i mente legg Kari og Jorunn Veiteberg ut på ei bokreise saman, i regi av Rom for ord. Denne våren er dei aktuelle med kvar sine nye bøker og til hausten samarbeider dei om ei endå ei utgjeving.

Vel møtt til bokpresentasjonar og samtale i salongen kl 16.00 oppe på  Løa i Jakob Sande-tunet! Det vert høve til å kjøpe signerte eksemplar av dei aktuelle bøkene i etterkant av samtalen.  Kafèsal med heimebakst i floren!   

Klikk for stort biletesystrer 

Stad

Løa i Klokkargarden
Jakob Sande-tunet,    Dale i Sunnfjord

Tlf.: 99548767

E-post : tunet@jakobsande.no

Nettstad: http://

Kontakt

Jakob Sande-selskapet/ Klokkargarden / Senter for forteljekunst
Nikka Vonens veg 31-35,  6963 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 57737775

E-post : selskap@jakobsande.no

Nettstad http://www.jakobsande.no

Margrete Reisæter

E-post : mar-reis@online.no

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk