Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015

 

Sommarslepp og utekonsert

laurdag 12. juni 2021, 21.00 - 23.55

Informasjon

Utekonsert med Felde, Selvik og Mute Mode 12. juni  2021 - Klikk for stort bilete 

Utekonsert 12. juni med Sigrid Felde, Selvik og Mute Mode i gågata Melkeveien

Gler du deg til å høyre livemusikk att?

Alle er no superklare til å komme seg ut, men det er berre 100 billettar som førebels er lagt ut. 12. juni vert det nemleg rigga til scene, lyd og lys i den splitter nye gågata Melkeveien i Dale sentrum. Fabel kafe og restaurant vil stå for servering.

Tre spennande artistar med band skal stå på scena. Alle tre held på å gje ut ny eigenprodusert musikk.

Om artistane

  • Sigrid Felde er ein ny ung artist som nettopp har gitt ut sin første singel. Den er godt mottatt og har blitt spelt på norsk radio i beste sendetid. Fram til konserten slepp Sigrid to singlar til, så følg med. Med i bandet denne kvelden er Kåre Sandvik, Richard Herland og Mats Systaddal.
  • SELVIK: Denne lokale musikaren og låtskrivaren spelar alternativ viserock med tekstar på nynorsk. I 2019 kom debutalbumet "Amerika", og vart med dette nominert til Luttprisen for 2019. Hausten 2021 kjem SELVIK med ny plate og fram til den tid slepp han singlar frå skiva. Med i bandet denne kvelden er Øyvind Selvik, Frida Leknes og Richard Herland.
  • MUTE MODE forvandlar seg somme tider til Dale sitt svar på Kraftwerk. Deira spesialitet er leiken elektro-improvisasjon med kule scenebilde, lys og video. Den 14. mai kjem også MUTE MODE sin første singel ut og fleire vil komme etterkvart.

Steinar Skadal har ei stødig hand på lyd og lys

Konserten er støtta av Sogn og Fjordane Folkeakademi

Billettar

Billettar til sommarkonserten finn du her:

OBS!  Pr no kan ein berre selge billett til dei som er busett i Fjaler kommune. Dette er grunna smittevern, men det er håp for at det kan endre seg fram mot 12. juni

Stad

Melkekveien i Dalstunet
 

Kontakt

MusikkBadet
 

Mats Systaddal
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk