Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015

 

Fjaler Songs - låtskrivarcamp

søndag 27. juni 2021, 12.00 - 17.00

Informasjon

Camp over to dagar i Dale!

Denne campen er for deg som skriv låtar, er produsent eller topliner, men som ikkje har mykje erfaring med å skrive med andre.

I dag blir veldig mykje av kommersiell musikk skrive i låtskriversessions eller på låtskrivarcampar, men det kan vere vanskelig å få plass på disse utan erfaring. På Fjaler Songs ynskjer vi å gje deg den erfaringa du treng for å ta steget vidare i denne låtskrivarverda saman med likesinna og instruktør!

Campen går over to dagar med flest mulig timar i studio. Deltakarane blir delt i to grupper som jobbar saman begge dagane. Målet er å skrive minst ein låt saman i løpet av denne tida.

Inkludert i prisen: instruktør, studioleige, middag laurdag, frokost og lunsj søndag, snacks, brødmat og drikke undervegs og overnatting frå laurdag til søndag.

Påmelding innan 9. mai

Det er obligatorisk påmelding innan 9. mai. Grupper blir sett saman av arrangør og påmeldte får tilbud om plass innan 14. mai.26. – 27. juni 
Plassar: 8  Pris: kr 1 500/ 900  (med/ utan overnatting)

Meld deg på her: 

Klikk for stort bilete 

Stad

Samvirket
 

Kontakt

Brak
 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk