Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015
Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar klokka 10.00–12.00.

 

LITTERATUR Om å elske og å miste

søndag 20. juni 2021, 16.00 - 17.30

Informasjon

Klikk for stort bilete 

Marit O. Kaldhol og Katrine Sele

er mellom våre høgst verdsette forfattarar i kvar sine sjangrar. Denne våren er dei begge aktuelle med nye bøker.
I den nye novellesamlinga «enno var dei kroppar» skriv Marit O. Kaldhol om menneska på vandring, mange under harde kår. Slektskapen til Katrine Sele si førre bok, "Jølster hotell» vert eitt utgangspunkt for denne forfattarsamtalen.

I barnebiografien «Einars bok» som kom no i vår, skriv Katrine Sele forteljinga om Einar Prestøy Sandsund som berre fekk leve til han var fire og eit halvt år og ein dag. Boka inviterer lesaren til å reflektere over kva det vil seie å elske og miste, å leve og dø. Også her finst eit samband mellom dei to forfattarskapane: I 1986 kom Kaldhol si sterke og vakre biletbok «Farvel, Rune» ut, med ugløymelege illustrasjonar av Wenche Øyen. Boka har blitt ståande som ein klassikar.

Katrine Sele og Marit O. Kaldhol les frå bøkene sine og reflekterer over korleis litterære erfaringar med sorg, tap og flukt kan peike på vegar vidare, ut av det vonde, for den som les. Samtalen vert leia av forfattar og leiar ved skrivekunstakademiet i Bergen, Sivert Nikolai Nesbø.
Arrangementet er ein del av programrekka «Lese. Leve» som er utvikla og produsert av Rom for ord med støtte frå Norsk kulturråd og Fritt ord.

Billettar finn du her 

Stad

Jakob Sande-tunet
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 57737775

E-post : tunet@jakobsande.no

Nettstad: http://www.jakobsande.no

Kontakt

Jakob Sande-senter for forteljekunst
 

Janne Karin Støylen / Margrete Reisæter
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk