Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.
Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 10.00 - 14.00. 

 

Hør her`a: Eg snakkar om det heile tida

søndag 28. februar 2021, 15.00 - 18.00

Informasjon

Brun først, og alt anna etterpå?

I kvar sine sjangrar set forfattarane Camara Joof og Gulraiz Sharif ord på kvardagsrasismen, slik den finst i samfunnet og slik den blir ein del av den ein er, når ein er brun. Rasisme til trass: Kortprosa-samlinga «Eg snakkar om det heile tida» og ungdomsromanen «Hør her`a» blir tatt i mot med opne armar av norske lesarar og kritikarar.

Ta knekken på kvardagsrasismen

Camara Joof og Gulraiz Sharif gjev stemme til erfaringar vi gjerne lyttar til, og dei gjer det på måtar som vitaliserer både litteraturen og språket vårt. Kanskje kan møta mellom litteraturen og lesaren ta knekken på kvardagsrasismen ein gong for alle? Høyr forfattarane samtale og lese frå bøkene sine i Jakob Sande Løa i Klokkargarden søndag 28. februar. Samtalen vert leia av kritikar i Morgenbladet Ida Vågsæther

Samtalen byrjar kl 16. Løa er open med kaffi og bakst frå kl 15. Det er framleis avgrensa plass (førebels 10) på grunn av smittevern-tiltak, men samtalen vil bli tilgjengeleg digitalt i etterkant.
Billett må kjøpast i ticketco.no

Klikk for stort bilete 

Stad

Jakob Sande-tunet
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 57737775

E-post : tunet@jakobsande.no

Nettstad: http://www.jakobsande.no

Kontakt

Jakob Sande-senter for forteljekunst
 

Janne Karin Støylen / Margrete Reisæter
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk