Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015
Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar klokka 10.00–12.00.

 

TEATER Raudhette og Ulven

laurdag 17. april 2021, 18.00 - 19.30

Informasjon

Klikk for stort bilete Teater Vestland  

Familieframsyning i Fjalerhallen 17. april  kl 18.00

Raudhette og Ulven

Det var ein gong i ein skog i eit land i ei stove ei lita jente som heitte Raudhette. Heilt åleine måtte ho gå den lange vegen gjennom skogen med mat til bestemora som var blitt for gammal og skrøpeleg til å ta vare på seg sjølv.

Men hei, vent nå litt! Veit vi heilt sikkert at ho var så liten? Og var ho eigentleg jente? Viss eventyret om den raude kappa og den svoltne ulven er over tusen år gammalt, har det sikkert blitt kviskra meir enn ti tusen gonger, og talet på spørsmål har nesten like mange nullar bak seg. Kven var det modige barnet i den raude kappa, eller var det eigentleg ein hatt? Blir Raudhette faktisk redda til slutt, eller er det noko vi har dikta til på slutten for ikkje å skremme små, uskuldige born? Og så er det hovudspørsmålet, kjære publikum: Kva har Raudhette i korga si, er det eit hemmeleg våpen, ei flaske saft, brød eller kaker?

Den prislønte regissøren Alex Byrne kjem til Teater Vestland for å skape eventyrleg stemning. Han er kjent for leikne adapsjonar av «Snøhvit», «Skjønnheten og udyret» og «Hans og Grete».

Ta med deg heile familien til eventyrland!  Framsyninga varer i ca 1 time og 30 minutt.

Kunstnarleg lag

Regissør - Alex Byrne

Regiassistent/dramaturg - Elisabet Topp

Scenograf og kostymedesignar - Mari Lotherington

Lysdesignar - Krystian Myska

Komponist/Musikalsk ansvarleg - Gregory Hall

Medverkande

Kyrre Eikås Ottersen

Anne Wiig

Bård Watn

Katrine Lunde Mackenzie

Kjøp billettar her

https://teatervestland.no/billettar-hoved?tag=raudhette%20og%20ulven

 

 

Stad

Fjalerhallen
6963 Dale i Sunnfjord

Nettstad: http://www.daleil.no

Kontakt

Teater Vestland
 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk