Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

Seminar Skapande skriving/ Lutt litteratur (ny dato)

onsdag 7. april 2021, 12.00 - 17.00

Informasjon

Til dette dags-seminaret om skapande skriving og litteraturarbeid i skulen, inviterast lærarar og formidlarar i ungdomsskule og vidaregåande skule.

Frå dagbøker til debutroman

Ane Barmen frå Vågsøy brakdebuterte med romanen "Draumar betyr ingenting" i 2019. I arbeidet med romanen var dagbøkene frå ungdomstida ei viktig kjelde. I dette foredraget legg Ane Barmen vekt på kor verdifullt det er å skrive for sin eigen del, til dømes i dagbok-sjangeren. Ho fortel om inspirerande lærarar og gode skrive-oppgåver på vegen mot å lukkast som forfattar.

Ungt blikk på litteratur

Kva skal til for å engasjere ungdom i litteratur og lesing? Tore Renberg sin forfattarskap har gjennom eit heilt skuleår vore utgangspunkt for kreativt litteraturarbeid i klasseromma i dei vidaregåande skulane i Molde-regionen, i regi av Bjørnsonfestivalen. I denne samtalen fortel forfattaren om korleis han har opplevd møta med elevane og deira engasjement i tekstane hans.

Diktverkstad i klasserommet

Anna Kleiva er ein av våre mest omtykte, unge lyrikarar. I denne verkstaden viser ho korleis diktet kan vere ein lavterskel-sjanger for komme i gong med skriving og kjenne glede over å kunne uttrykke seg.

«En fortelling er alltid en redningsoperasjon», skriv Cecilie Løveid i Vandreutstillinger, eit sitat frå John Berger. Korleis kan ein fortelje i poesien? Korleis kan det å fortelje vere ei redning?
Dette er spørsmål Anna Kleiva vil komme inn på og drøfte med deltakarane.

Seminaret vert arrangert i Løa i Klokkargarden i Dale, med foredrag, samtalar og verkstadar

Lunsj og kaffi er inkludert i deltakaravgifta.

I samarbeid med Rom for ord. 

Klikk for stort bilete 

 

Stad

Jakob Sande-tunet
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 57737775

E-post : tunet@jakobsande.no

Nettstad: http://www.jakobsande.no

Kontakt

Jakob Sande-senter for forteljekunst
 

Janne Karin Støylen
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk