Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

Blått svev- poesikonsert

laurdag 6. februar 2021, 19.00 - 20.00

Informasjon

Blått Svev - poesikonsert med dikt av Jon Fosse

Medverkande:
Hildegun Riise: tekstframføring
Sigbjørn Apeland: trøorgel
Benedicte Maurseth: hardingfele

Med "Blått svev" inviterer Hildegun Riise og med-musikarane til ein poesikonsert der ho les dikt av Jon Fosse, til nykomponert, improvisert og tradisjonell folkemusikk av Benedicte Maurseth og Sigbjørn Apeland. Utgangspunktet for konserten er albumet "Blått Svev" som kom ut på Grappa Musikkforlag i 2019 i samband med at Jon Fosse fylte 60 år.

Jon Fosse skriv om fjorden, døden og kjærleiken. Den kvardagslege verda som blir dikta fram, er det berre Fosse, med sin særeigne signatur som kan skapa. For over den finst ein stor himmel, og i alt han skriv, er det sterke band til det vestlandske. Likevel ber litteraturen hans i seg ei menneskeleg sanning som viser seg å vera gyldig i store delar av verda.

Tekstutvalet til "Blått Svev" er det Hildegun Riise som står for. Ho har valt dikt som lenge har vore som skattar for henne, men òg tekstar som har festa seg i henne gjennom innspelinga Blått Svev; dikt som er fylte med kjærleik og lys, einsemd, død og trøyst. Med andre ord dikt som set ord på noko djupt universelt og menneskeleg.

Jon Fosse er ein unik diktar som gjev oss språk for det så å seia språklause.
Hardingfelespelar Benedicte Maurseth og organist Sigbjørn Apeland er ansvarlege for nye musikalske tolkingar og komposisjonar til Fosses poesi.

Alle tre har òg tidlegare arbeidd med hans mangslungne tekstunivers.

sola skal skine

sola skal skine
ikkje skrikande og blenkjande
men stille
i blått
Dagen skal vere roleg og rørslene i lyset vi har saman
Skal bølgje seg jamt og roleg
Vi skal ta kvarandre i hendene våre
og berre sitje der
Rolege Verdige
midt i det blåe lyset

Jon Fosse

Billettar kjem på ticketco.no  Kr 250,- / kr 100,- for student & elev

Klikk for stort bileteMaurseth og Riise 

Stad

Dale kyrkje
6963 Dale i Sunnfjord

Kontakt

Jakob Sande-senter for forteljekunst
 

Janne Karin Støylen / Trude Felde
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk