Lutt litteratur - Førfest med Sigrid Felde &Tore Renberg (ny dato)
onsdag 7. april 2021, 20.00 - 23.00
LUTT litteratur er ein ny litteraturfestival i Sunnfjord, utvikla i samarbeid med Luttfest. Festivalen vert arrangert for første gong, i Fjaler, i Førde og på Jølster.
Fjaler er først ut med førfest i Trudvang onsdag 7. april (ny dato)
Sigrid Felde og Tore Renberg
Her møter publikum Dale si eiga sangstjerne Sigrid Felde, som saman med Mads Systaddal tek oss med inn i Susanne Sundfør sitt musikalske univers.
Tore Renberg kjem til Fjaler med heile sitt litterære univers i kofferten. Som lesarar vert vi glade i folka i bøkene hans. Når han går på scena saman med sin faste makker på gitar, Alexander Flotve, er det aldri godt å vite kven som dukkar opp. Både familien i Kompani Orheim og røvarane i Hillevåg-gjengen har ein tendens til å stikke innom.
I Tore Renberg sin siste roman "Tollak til Ingeborg" er det ein stri, gammal kar som vert skriven fram. Tollak har mykje på hjartet, men teier seg sjuk i forteljinga si. Å gå gjennom livet utan å kunne snakke med sine næraste om det vesentlege er vel ikkje heilt ukjent i våre trakter, heller. Noko å lære av Tore sin Tollak, då, denne kvelden.
I samarbeid med Dale ungdomslag, Luttfest og Rom for ord
Servering ved småbord i lokalet
Førhandssal kjem på ticketco.no Billett vaksne kr 250,- , kr 100,- for student/ elev
Felde og Renberg
Stad
Trudvang, Dale
6963 Dale i Sunnfjord
Nettstad: http://
Kontakt
Jakob Sande-senter for forteljekunst
Janne Karin Støylen / Margrete Reisæter
Legg til hendinga i din kalender