Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

"Spynorsk mordliste". Haustsalong med Lina og Ivar

søndag 22. november 2020, 15.00 - 18.00

Informasjon

Det er noko med den spynorske mordlista 

Hallo-damer har vorte drapstruga, journalister jaga, skodespelarar bua av scena, det har vore masseslagsmål i gatene og bokbål, for å nemne noko. Men for dei som stiller spørsmål ved nynorsken går det heller ikkje smertefritt for seg. Er du straks å rekne som ein Aasens disippel berre du vil skrive litt, og skriv nynorsk?

Lina Thaule Fjørtoft

Språkkampen i Noreg har alltid fascinert Lina Thaule Fjørtoft. Dette har nok ein klar samanheng med at ho sjølv vaks opp som noko som ho seinare skulle innsjå var litt uvanleg: nynorskbrukar i Bergen. Som nynorskelev i Bergens minste bydel, Arna, trudde ho lenge at alle skular i Noreg hadde N- og B-klassar, men slik var det altså på ingen måte.

Lina Taule Fjørtoft er 27 år og kjem frå Arna i Bergen. Ho er frilans skodespelar, med brei erfaring frå ei rekke framsyningar ved Den Nationale Scene og eigne teaterproduksjonar som ho turnerar med. I haust debuterte ho som dramatikar ved Det Vestnorske Teateret med stykket: «Hit eit steg» basert på Ingebrigt Daviks univers.

Lina er opptatt av dei gode historiene, og jobbar for tida med ulike formar for overgangar i livet og identitet.

I residens 

Under sitt kunstnaropphald i Jakob Sande-tunet har ho starta eit utforskingsarbeid der ho, hovudsakleg frå teatrets perspektiv, ser nærare på det norske språket og identitet, med særleg fokus på nynorsk og bokmål. Målet er å lage ei teaterframsyning som kan få fram både humor, redsle, småsprø fakta og kva roller du vert plassert i som nynorsk-brukar.

Som ung frilansar i ei turbulent tid har det vore godt med eit pusterom i Dale, sjølv om det nok ikkje har vore like lett å distansere seg frå val i USA, smitterekordar og
enkeltpersonsføretakets framtid - som på Sande si tid. Dette har resultert i små refleksjonar og augeblikksdikt som det kanskje også vert ein liten smakebit av.

Velkommen til haustsalong i Jakob Sande-løa!  Vilde Sævik leier samtalen med Lina denne søndagen.

NB Max 15 plassar. Kun påmelding på førehand tlf 99548767 med namn og nr grunna smittevern. Første til mølla... Hald avstand - bruk antibac - hald deg heime om du er sjuk 

Inngong kr 100,- inkl suppe laga av Lina sjølv med brød, kaffi og kjeks/ bollar, laga av tunverten. Betaling med Vipps eller kort. 

Klikk for stort bileteTaule Fjørtoft og Aasen 

Stad

Løa i Klokkargarden
Jakob Sande-tunet,    Dale i Sunnfjord

Tlf.: 99548767

E-post : tunet@jakobsande.no

Nettstad: http://

Kontakt

Jakob Sande-senter for forteljekunst
 

Janne Karin Støylen / Margrete Reisæter
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk