Skumringstur med Bakkejekta

tysdag 21. juli 2020, 19.00 - 22.00

Informasjon

Stemningsfull skumringstur

Kvar tysdag i juli siglar eller ror Bakkejekta ut frå Jensbua i Fjaler på skumringstur på vakre Dalsfjorden. Om det er vind, siglar ein, om det er stilt ror ein.

Du får høyre historier om folket som bur og budde her i fjorden, om dei som for til Island, om naturen og bygdene rundt fjorden. I år vert det servert berre kaffi og vatn pga smittevernet, og tal medsiglarar er redusert til 8. Ein er ved kai att innan kl 22 00.

Pris og påmelding

Turen kostar kr 300,- pr vaksen og kr 150, - pr barn mellom 6 og 16 år. Barn under 6 år gratis. Vipps til  #586552, ein tek tek ikkje kort eller kontantar.
Det er redningsvestar til alle. Påmelding innan kl 17 dagen før til 97 07 91 39 eller post@ovelos.no 

 Klikk for stort bilete 

 

Stad

Jensbua på Tysse
 

Kontakt

Jensbua kystkultursenter
6963 Dale i Sunnfjord

E-post : post@ovelos.no

Ove Losnegård
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk