Kurs i scenelys

laurdag 29. august 2020, 10.00 - 14.00

Informasjon

For nybegynnar med interesse for konsert, event og teater

Dette kurset var opphavleg sett opp i mars, men vart avlyst grunna koronautbrotet. Ny dato er 29. og 30. august. og har berre 10 plassar tilgjengelege med hensyn til gjeldande smittevernreglar. NB Sørg for å meld deg på i god tid dersom du vil delta.

PreForm AS har som oppgåve å legge til rette for kunst og kulturproduksjon og arbeider med å utvikle Samvirket i Dale i Sunnfjord til produksjon og visningslokale. Kurset vert arrangert i  samarbeid med Brak. Kurset passar for deg som er nybegynnar,  men som har interesse i å arbeide vidare med lys til konsertar, eventar og teater.

Kurset går over 2 dagar,  men det er mogeleg å delta berre ein av dagane.

Kurshalder: Yasin Gyltepe

Yasin er utdanna lysdesigner. Har lang fartstid som lysdesigner, og lystekniker i inn og utland. Han er også den har hatt ansvar for utviklinga av scenen i Dale

Pris:  Kr 500,- pr dag inkl lunsj og kaffi

Påmelding innan 23. august til: ingrid(at)kulturpro.com eller 47908100 

Program:

Lørdag 29. august

10:00 Presentasjon og gjennomgong av kursinnhald.

10:30 Generell grunninnføring i lys/ scenerigg og tryggleik.  Branninstruks med rømming, publikumstryggleik og førebygging av brann

11.00 Grunninnføring i lyskastarar spesifikt på denne riggen. Vi går igjennom kvar enkelt type kaster og ser på bruk og spesifikasjonar. Enkel feilsøking og vedlikehald.

12:00 - Lunsj

12:30 Praktisk gjennomgang. Rigging /oppsett, vinklar, kabling mm: Rigga av nokre spesial – lyskastarar og gjennomgong av  ulike bruksområde og idear - med feks retting av lys og scenerøyk. 

Avslutning ca kl 14:00

Søndag 30. august

10:00 Grunninnføring i lysbord/programmering og gjennomføring av event/ teater.

12:00 - Lunsj

12:30 Programmering og opplæring på Preforms spesifikke lysbord for live musikk og qing av teater. Køyring av lys til event og teater.

14:00 Oppsummering og evaluering.

Stad

Samvirket
 

Kontakt

PreForm AS
 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk