Afternoon Tea -selskap

laurdag 11. juli 2020, 15.00 - 17.00

Informasjon

Tradisjonell, engelsk Afternoon Tea

Det vert duka til teselskap inspirert av tradisjonell, engelsk Afternoon Tea i Lillingstonheimen laurdag 11. juli kl. 15.00 - 17.00, og du er hjarteleg velkomen! Nyt ferske, lokale smakar og te (eller kaffi, om ein heller ynskjer det) i herskapelege omgjevnadar, til klassiske tonar frå notesamlinga til Lillingston frå mahognyradio - eller kanskje oppsveiva grammofon? Vertskapet byr på glimt frå eigedomssoga og orientering om pågåande og komande prosjekt ved eigedomen.

Pris:
Vaksen (12+): kr. 240,-  Born (5-11): kr. 120,-

Betaling via Vipps til #534336. Alt eventuelt overskot går til det pågåande istandsetjingsarbeidet på staden; deriblant nyleggjing av tregolv i den karakteristiske svalgangen mot hagen i sør. Det same gjeld inntekter frå hage- og museumsrelaterte oppsprettsutsal i Jentestuen.

NB!

Av omsyn til koronasituasjonen ber vi gjester halde seg til nasjonale reglar for smittevern, og følgje dei stadspesifikke instruksjonane for eigedomen. Kontaktinformasjon til vitjande vert registrert per sms.

Klikk for stort bilete 

 

Stad

Lillingstonheimen
Tysse,  6968 Flekke

Kontakt

Lillingstonheimen på Tysse
 

Alexander Rauboti
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk