Jubileumsommar hos Lisa i Li!

søndag 16. august 2020, 14.00 - 17.00

Merknad: Siste sommarsalong i år: Ruth Lillegraven og Annlaug Børsheim

Informasjon

Lisa i Li er 20 år i år!

Jubileumsommar i Jakob Sande-tunet! Den tradisjonssrike sommarkafèen held framleis oppe dampen etter 20 år  med nysteikte lappar og heimelaga kaker og bollar "med strøsukker på" servert til nytrekt kaffi , heimelaga ripssaft og is kvar sundag frå 21. juni til 16. august.

Kvar sundag er det også litterær

Sommarsalong kl 15.00

med ulikt program frå residensforfattarar, forfattarar på besøk og andre. Gratis tilgjenge. Sjå eigne oppslag på facebook

Vi sørger for god plass både i ute, i Bestefarsstaua og stova i våningshuset og følgjer nasjonale retningsliner med avstand og vask.  Løa har vi i bakhand om veret er dårleg.

Omvising kan du også få og følgje i spora til Jakob Sande kl 14.00 og kl 16.00. Det kostar kr 60,- per personKrambua har T-skjorter, bøker og musikk til sals 

Det er berre å gle seg og sette kursen mot Klokkargarden!

PS Har du lyst å vere frivillig kafèvert eller kakebakar, send eit vink !
Og er du ung og utan sommarjobb, kan du til og med tene nokre kroner!

Ta kontakt med Margrete tlf 99548767

 

Klikk for stort bilete 

 

 


 

Stad

Jakob Sande-tunet
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 57737775

E-post : tunet@jakobsande.no

Nettstad: http://www.jakobsande.no

Kontakt

Jakob Sande-selskapet
pb 68,  6961 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 57737775

E-post : selskap@jakobsande.no

Nettstad https://www.jakobsande.no

Margrete Reisæter
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk