Ljosheimbasaren 2020

laurdag 15. februar 2020, 15.00 - 18.00

Informasjon

Ljosheim - eit hus som betyr mykje for kyrkjelyden og for heile bygda

Ljosheimbasaren har i fleire år samla fullt hus og inntekta frå basaren er viktig for drifta av kyrkjelydshuset vårt.
Folk likar både det sosiale og åresala. Alle dei gode kakene til kaffien som mange bidreg med er og kjærkomne.

Basaren er kjend for mykje fint handarbeid, og Marie Skadal har lenge vore i full gang med «produksjonen». Bildet syner ein del av handarbeida hennar til førre basar.
Ein tek gjerne imot meir handarbeid til utlodding, gjerne strikka eller hekla, så det er fint om du òg har lyst til å bidra.  Mange er flinke til å bidra med gevinstar, og du kan levere basargevinstar på kyrkjekontoret.

Basararrangørane er takksame for all støtte, både praktisk og økonomisk for å ta vare på Ljosheim.  Det som hastar mest no er å få plass eit rekkverk på rullestolrampen og fikse litt meir på inngangen.

Klikk for stort bilete 

 

 

Stad

Ljosheim
6963 Dale i Sunnfjord

Kontakt

Kyrkja i Fjaler
Kyrkjekontoret,  6961 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 57739770

Nettstad http://www.fjaler.kyrkja.no

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk