Verdsdagen med ope hus på Samvirket

torsdag 10. oktober 2019, 10.00 - 17.00

Informasjon

Gje tid!

Vi markerer verdsdagen for psykisk helse i Fjaler med OPE HUS på Samvirket! Sjå etter bålpanna utanfor!


Stikk innom, slå av ein prat, sjå på kor fint det er blitt etter opppussinga, ta ein kaffi og ein vaffel  eller ein limonade,  spel eit spel eller bordtennis, ta ein quiz og vinn ein premie, sjå powerpointen om årets tema, liggje i hulene og slappe av, ete frukt og snop og gje deg god tid. 
Og ikkje minst, du kan ete LUNSJ her mellom kl 11.30 og 12.30. Vi set fram brød og pålegg på langbord og du kan ete så mykje du vil, eller du kan ta med matpakka di og ta lunsjen her om du er på jobb! 

BUA Fjaler og Rullerampa på baksida av Samvirket er open kl 12-14 også.
 

Verdsdagen for psykisk helse informerer:

Tema for 2019 er «Gi tid». Årets kampanje har som mål å oppfordre oss alle til å bruke tiden på å gjøre ting som er godt for den psykiske helsen. «Gi tid» er første tema ut under paraplyen «Oppmerksomhet og tilstedeværelse», som skal gjelde for 2019-2021.

Les meir her https://verdensdagen.no/om-verdensdagen/tema-2019-gi-tid/

Arrangør er Fjaler kommune ved Folkehelsekoordinatoren og Frivilligsentralen

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete 

Stad

Samvirket
 

Kontakt

Fjaler kommune
Dalstunet 20,  6963 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 57738000

E-post : post@fjaler.kommune.no

Nettstad http://www.fjaler.kommune.no

Frivilligsentralen i Fjaler

E-post : frivilligsentralen@fjaler.kommune.no

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk