Jubileumskonsert med Real Ones

fredag 8. november 2019, 20.00 - 23.00

Informasjon

JUBILEUMSKONSERT!

Real Ones - Ei musikalsk reise gjennom 25 år som band.

Fredag 8. november kl 20:00 blir det storstilt feiring av Real Ones sitt 25 års-jubileum på Fjaler Scene (på Samvirket ) i Dale.
Deretter går turen til Oslo og Bergen, med dobbelkonsert på Den Nationale Scene sundagen.

Konserten blir ei kronologisk reise gjennom bandet sitt repertoar, frå den irske folkemusikken som dei starta med, under navnet «The Reel Ones», til dei første sjølvlaga folk-inspirerte songane og fram til i dag. Det er ikkje tilfeldig at Real Ones feirar 25 års-jubileumet i Dale. Det var her, på legendariske "Gjesten" medan yngstemann i bandet framleis gjekk på ungdomsskulen, at Real Ones heldt sin aller første konsert. Sidan har det blitt 11 album, 4 EP’ar, 2 Spellemannprisar, og 975 konsertar i 15 land på 3 kontinent! Overalt der dei har vore, frå Svalbard til Shanghai, frå Mumbai til Yukon, frå Akureyri til Havanna, har dei etterlete seg eit villt begeistra publikum, hekta på Real Ones si særprega form for trestemt folkrock.

Real Ones har lenge vært Norges i særklasse beste liveband. Kanskje er de Norges beste band, punktum.” skriv Sven Ove Bakke i Dagbladet.

Klikk for stort bilete 

 

Stad

Fjaler Scene
 

Kontakt

Mats Systaddal med fleire
 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk