Å fortelje om eit levd liv

søndag 10. november 2019, 16.00 - 17.30

Informasjon

Å elske ein far, å bere ei sorg, å stå i ein kamp, å finne ein veg. Livet, med andre ord. Ei levande forteljing, med Kjersti og Kjartan sine ord.

Kjersti Mjør

Tidlegare i vår fekk Kjersti Mjør kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Juryen drog fram evna til å skildre liv og lagnader med varme, nysgjerrigheit og humor i grunngjevinga si. Kollega Jens Kihl i Bergens Tidende sa det slik: «Ho får tagale hardingar i tale. Ho får tytete bergensarar til å tenkje. Og etterpå skaper ho ordkunst av det ho fann. Ingen skildrar vestnorsk liv som Kjersti Mjør.»

Denne hausten er ho aktuell med biografien om SV-dronninga Oddny Miljeteig. Boka har fått tittelen «Hjartebank». Det er grunn til å vente seg ein tekst av den typen Kjersti Mjør er kjent for, der vi får fylgje orda fram til den inste grinda i livet vi les om.

Kjartan Brügger Bjånesøy

er som Kjersti ein omtykt portrett-journalist, med lang fartstid i Dagbladet sitt laurdagsmagasin. I vinter gav han ut boka «Kjære pappa. Vi er andre menn no.». Han tek lesaren med over fjellet heim til Austevoll, der faren har fått slag og tilveret dreier seg om å takle det eine tapet etter det andre. Forteljinga er djupt rørande, personleg og ærleg.

I dette programmet fortel dei to journalistane om arbeidet med bøkene, og samtalar om korleis det levde livet inspirerer skrivinga. Korleis viser den seg, den grinda ein ikkje skal trengje seg forbi? Korleis kan orda likevel nå over og fram til lesaren?

Vi teier ofte om det næraste i dagane som kjem og går. Kjersti og Kjartan skriv om sjølve livet, slik at vi kan finne orda vi treng for å nå kvarandre.

Programmet er utvikla av Svidal skriveri for Rom for ord, med støtte frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norsk kulturråd.

Arrangementet er i samarbeid med Jakob Sande-selskapet og tek stad i Løa i Jakob Sande-tunet sundag 10. november kl 16.00 . Servering av suppe

Klikk for stort bilete 

 

Stad

Jakob Sande-tunet
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 57736667

E-post : tunet@jakobsande.no

Nettstad: http://www.jakobsande.no

Kontakt

Svidal skriveri
 

Janne Karin Støylen
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk