Lisa i Li krambu & bakeri med omvising

søndag 14. juli 2019, 14.00 - 17.00

Informasjon

Når humla spelar i sommardagen

Gjennom sommaren er det ope i  Klokkargarden/ Jakob Sande-tunet i tida frå 23. juni til 11. august  kl 14 -17  kvar sundag og to laurdagar under Dalsfjordveka .

Kringle med strøsukker på

Lisa i Li serverer heimelaga kaker, Anita-kjeks, nysteikte lappar med heimelaga syltetøy, heimelaga ripssaft, is og kaffi/ te.

Krambua sel bøker, songhefte, plakatar, CD`ar og T-skjorter for liten og stor.

Omvising

Vil du følgje i Jakob Sande sine fotspor, er det omvising kl 14.30 og kl 16.00. Oppmøte ved Bestefarsstaua. Omvisinga foregår delvis inne i Bestefarsstaua, innom dei andre bygningane på tunet og Tusenårsstaden og om ønskjeleg til Vesle Daniel- statuen, grava og bautaen . Varigheit ca 3/4 time.

Film på låven

Kvar sundag vil det også vere mogeleg å sjå tre filmar ( produsert av Fjordkysten/ Oddmund R Haugen) på låven med lokale stjerner. Her er dei tre dikta Da Daniel drog, Bestefar og Åse Fantemor er spelt, lest og dramatisert. Du finn dei også på kulturvandring.no/jakobsande i lite format ( sjå informasjonsskilt på veggen i Klokkargarden)

Om du er Dale utanom opningstida og er interessert i omvising eller ein handel, ta kontakt på tunet@jakobsande.no , på facebook eller på tlf 99548767

Klikk for stort bilete Margrete Reisæter

 

Stad

Jakob Sande-tunet
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 57736667

E-post : tunet@jakobsande.no

Nettstad: http://www.jakobsande.no

Kontakt

Jakob Sande-selskapet
Jakob Sande-tunet/Klokkargarden,  6961 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 57737775

E-post : selskap@jakobsande.no

Nettstad http://www.jakobsande.no

Margrete Reisæter

E-post : mar-reis@online.no

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk