Lisa i Li krambu & bakeri med omvising
søndag 30. juni 2019, 14.00 - 17.00
Når humla spelar i sommardagen
Gjennom sommaren er det ope i Klokkargarden/ Jakob Sande-tunet i tida frå 23. juni til 11. august kl 14 -17 kvar sundag og to laurdagar under Dalsfjordveka .
Kringle med strøsukker på
Lisa i Li serverer heimelaga kaker, Anita-kjeks, nysteikte lappar med heimelaga syltetøy, heimelaga ripssaft, is og kaffi/ te.
Krambua sel bøker, songhefte, plakatar, CD`ar og T-skjorter for liten og stor.
Omvising
Vil du følgje i Jakob Sande sine fotspor, er det omvising kl 14.30 og kl 16.00. Oppmøte ved Bestefarsstaua. Omvisinga foregår delvis inne i Bestefarsstaua, innom dei andre bygningane på tunet og Tusenårsstaden og om ønskjeleg til Vesle Daniel- statuen, grava og bautaen . Varigheit ca 3/4 time.
Film på låven
Kvar sundag vil det også vere mogeleg å sjå tre filmar ( produsert av Fjordkysten/ Oddmund R Haugen) på låven med lokale stjerner. Her er dei tre dikta Da Daniel drog, Bestefar og Åse Fantemor er spelt, lest og dramatisert. Du finn dei også på kulturvandring.no/jakobsande i lite format ( sjå informasjonsskilt på veggen i Klokkargarden)
Om du er Dale utanom opningstida og er interessert i omvising eller ein handel, ta kontakt på tunet@jakobsande.no , på facebook eller på tlf 99548767
Margrete Reisæter
Kontakt
Jakob Sande-selskapet
Nikka Vonens veg 31-35,
6961 Dale i Sunnfjord
Tlf.: 57737775
E-post : selskap@jakobsande.no
Nettstad http://www.jakobsande.no
Margrete ReisæterE-post : mar-reis@online.no