Ope møte om delvis bompengefinansiering fv 57

torsdag 13. juni 2019, 18.00 - 20.00

Informasjon

Kommunestyra i Fjaler og Gaular skal handsame prinsippsak om delvis bompengefinansiering av fv 57 Dale - Storehaug i møta den 17. juni (Fjaler) og 20.juni (Gaular).
Rapporten frå Statens Vegvesen som ligg til grunn for handsaminga har skapt stort engasjement på sosiale media.

NAF Avd Fjordane og ytre Sogn tek difor initiativ til eit ope møte i kommunestyresalen i Fjalerhuset, Dale, torsdag 13. juni klokka 18:00. Vi ynskjer ein sakleg debatt rundt spørsmålet om bompengar, kor går smertegrensa for folk, kva alternativ har vi for å få gjort noko med vegen.

Vi håpar representantar frå Statens Vegvesen får høve til å vere med i møtet og seie noko om rapporten. Ordførarane i Askvoll, Fjaler og Gaular er også invitert. Vi håpar elles politikarar og andre interesserte møter opp og syner engasjement.
Dette er ei viktig sak for alle som bur i området!

Klikk for stort bilete

 

Stad

Fjalerhuset
6963 Dale i Sunnfjord

Kontakt

NAF Avd Fjordane og Ytre Sogn
 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk