Rullerampa 6963 for alle

måndag 10. juni 2019, 17.00 - 19.00

Informasjon

Oppdatert info om "Rullerampa 6963"

Ope kvar måndag kl. 17.00 til 19.00 for alle. Dei under 12 år må ha følgje med ein vaksen.

Dei frå ungdomsskulen eller videregåande kan bruke hallen i opningstida til Samvirket kl. 14.30 til 19.00 på måndag og torsdag i følgje med dei som jobbar der.

Utstyr

Alle må bruke hjelm og det er tilrådd å bruke verneutstyr.

Rullerampa 6963 har noko utstyr til låns. BUA Fjaler har også utstyr du kan leige gratis og dei held ope i same tidsrom. Registrer deg på bua.io

Om det er foreldre som har lyst å ta med ungane utanom desse tidene,  kan dei kontakte direkte Bjarte Seim (tlf 45401718) for opplæring og lån av nøkkel.

Klikk for stort bilete

 

Stad

Samvirket
 

Kontakt

Rullerampa 6963
 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk