Animal Farm spelar igjen etter 25 år

fredag 15. mars 2019 20.00 - laurdag 16. mars 2019 01.00

Informasjon

Bandet ANIMAL FARM samla igjen etter 25 år i Løa i Dale!
Døra opnar kl 20.00. Konsertstart kl 21.00. Gruppa spelar i to sett.
Billett kr 200,- . Billettsal berre på staden, kontant og terminal (ikkje vipps). Møt difor i god tid om du kan, for det kan bli trangt om plassen om mange kjem.
Open pub med snacks frå kl 20.00 - 01.00

Tidlaus, melodisk popmusikk

Animal Farm spelar tidlaus, melodisk popmusikk skriven av den
legendariske låtskrivaren og musikaren HP Gundersen (Stain Monsters, The Last Hurrah), inspirert av melodisk 60-talspop og 90-talsimpulsar. Til tross for ei vellukka og kritikarrost debutplate blei bandet oppløyst i 1995. Låten «Can´t Let Go» var A-lista på NRK P3 sommaren 1992.
Høyr heile Animal Farm albumet på Spotify

Animal Farm

Hans Petter Gundersen - el. gitar, steel gitar, vokal.
​HP Gundersen, av mange omtala som «Bergensbøglens far», er både ​​produsent, låtskrivar, artist og forfattar. Han har medverka på over 100 ​​album, m.a. med Sondre Lerche, Madrugada, Ane Brun, deLillos, ​​​DumDum Boys, TNT og Real Ones. Av eigne band er Stain Monsters, ​​Animal Farm, Tweeterfriendly Music og The Last Hurrah dei mest ​​​kjende.

Helge Nyheim - trommer, vokal.
​Hovudvokalist i Animal Farm. Har jobba som profesjonell musikar sidan ​1987, m.a. som trommis og vokalist i det populære Pink Floyd tribute-​​bandet Dark Side Of The Wall. Har gjeve ut solo-plata «The Ride Back ​​Home».

Morten Skage - el.bass, vokal
​Kjend som bassist med Good Time Charlie, Sondre Lerche, Jan Eggum ​og Sigrid Moldestad, og plateprodusent for m.a. Moldestad.

Kåre Sandvik - piano, synt, el. gitar, vokal
​Kjend frå band som Bergen Blues Band, Nøkken, Hole in the Wall, ​​​Stain Monsters, The Last Hurrah og Dancing Fools. Har spelt med m.a. ​Jan Eggum, Knut Reiersrud, Marius Müller og Lynni Treekrem.

 

 

Stad

Løa i Klokkargarden
Jakob Sande-tunet,    Dale i Sunnfjord

Tlf.: 99548767

E-post : tunet@jakobsande.no

Nettstad: http://

Kontakt

Jakob Sande-selskapet
pb 68,  6961 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 57737775

E-post : selskap@jakobsande.no

Nettstad https://www.jakobsande.no

Margrete Reisæter
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk