Samvirket - møteplass for unge

torsdag 13. juni 2019, 14.30 - 19.00

Informasjon

Staden for ungdom

Kvar veke kl 14.30 - 19.00 måndag og torsdag for dei i ungdomskule - og vidaregåande skule alder.

Her kan du spele bordtennis, biljard eller brettspel. Du kan gjere lekser eller berre slappe av med vener og jamnaldrande frå heile kommunen. Det er og mulig å teste ut den nye skaterampen som "Rullerampen 6963" har bygd i kjellaren. Dette er ein stad for ungdom!

BUA Fjaler

Samstundes som møteplass for ungdom er open vil den nye utstyrs-BUA vere tilgjengelig. Her kan du låne ymse fritidsutstyr heilt gratis! På nettsida https://www.bua.io/ kan du over 18 år lage deg ein brukar og leggje til yngre i denne profilen, og sjå kva for utstyr som er å låne. BUA står for Barn - Unge - Aktivitet, så det er prioritert barn og unge, men alle kan låne utstyr!  

Spørsmål om BUA Fjaler kan du ta med leiar for Frivilligsentralen Margrete Reisæter på tlf 57738020 (som held til i 2. høgda på Samvirket) eller folkehelsekoordinator Jon Werede Hope på tlf 57738134 (på Fjalerhuset)

Transport

Om du slit med å kome deg til Dale eller heim att, ta kontakt med Jon Werede eller kultursjef Ingeborg Opdøl Tysnes på 57738044 seinast ein arbeidsdag før.

Klikk for stort bilete

 


 

Stad

Samvirket
 

Kontakt

Fjaler kommune
Dalstunet 20,  6963 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 57738000

E-post : post@fjaler.kommune.no

Nettstad http://www.fjaler.kommune.no

Jon Werede Hope
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk