Samvirket - møteplass for vgs-ungdom

måndag 14. januar 2019, 14:30 - 19:00

Informasjon

Staden for ungdom

Ei svært vellukka prøveopning på Samvirket gjekk av stabelen torsdag 10. januar ! Dette held fram kvar veke kl 14.30 - 19.00 desse dagane:

  • Måndagar for vgs-elevar
  • Torsdagar for ungdomskule-elevar

Her kan du spele bordtennis, biljard eller brettspel. Du kan gjere lekser eller berre slappe av med vener og jamnaldrande frå heile kommunen. Det er og mulig å teste ut den nye skaterampen som "Rullerampen 6963" har bygd i kjellaren. Dette er ein stad for ungdom!

BUA Fjaler

Samstundes som møteplass for ungdom er open vil den nye utstyrs-BUA vere tilgjengelig. Her kan du låne ymse fritidsutstyr heilt gratis! På nettsida https://www.bua.io/ kan du over 18 år lage deg ein brukar og leggje til yngre i denne profilen, og sjå kva for utstyr som er å låne. BUA står for Barn - Unge - Aktivitet, så det er prioritert barn og unge, men alle kan låne utstyr!  

Spørsmål om BUA Fjaler kan du ta med leiar for Frivilligsentralen Margrete Reisæter på tlf 57738020 (som held til i 2. høgda på Samvirket) eller folkehelsekoordinator Jon Werede Hope på tlf 57738134 (på Fjalerhuset)

Transport

Om du slit med å kome deg til Dale eller heim att, ta kontakt med Jon Werede eller kultursjef Ingeborg Opdøl Tysnes på 57738044 seinast ein arbeidsdag før.

Samvirket - Klikk for stort bilete

 

Stad

Samvirket
 

Kontakt

Fjaler kommune
pb 54,  6961 Dale i Sunnfjord

Tlf.: 57738000

E-post : post@fjaler.kommune.no

Nettstad http://www.fjaler.kommune.no

Jon Werede Hope
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk